Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Ignorér nabokjerringa!

Kvinnfolk med karriereambisjonar i bygdesamfunn må ikkje berre kjempe mot gubbeveldet. Kvinner som vil opp og fram må også lære seg å ignorere nabokjerringa.

Vi hugser alle Gro Harlem Brundtland, som i ei nyttårstale for nokre år siden tala varmt om nabokjerringa. Ein må ha budd i dei mest noble områda i hovudstaden ganske så lenge, og aldri skjønt korleis det er å leve i distriktsnorge, for å formulere eit slikt sprøtt nyttårsønskje.

For noko av det likaste som har hendt utover bygdene, er jo nettopp at kvinnfolka ikkje lenger går heime heile dagen. Dei har fått arbeid og kolleger å bry seg om og med, og ikkje som før berre naboar.

Den geskjeftige nabokjerringa er kraftig overdimensjonert i det mytiske biletet av det gode liv på landet. Ho er gjort til sjølve mor-norgesymbolet i den eindimensjonale idylliseringa av bygdelivet, der den naudsynlege kontrasten er ein like eindimensjonal demonisering av storbylivet. Fordi dette påstått gode vesnet ikkje finst i bytypiske strøk må ein import til.

Derfor etterlyste Gro Harlem Brundtland nabokjerringa. I ein gimmik som sikkert var funne på av ultraurbane reklamefolk. Slike opp mot tusen kroner timen-rådgjevarar som Arbeiderparti-toppane har hatt på fanget i mange år.

Bygdedyret

Korkje reklamefolka, Gro eller Jens veit korleis vi som har vokse opp i bygdene har vore plaga av nabokjerringene. Den geskjeftige nabokjerringa er sjølve inkarnasjonen av bygdedyret. Ho som bryr seg med alt, voktar på alt og alle. Ikkje fordi ho er snill og vil oss vel, men fordi det gir ho makt å passe på at at ingen skiljer seg ut, at alle kjenner sin plass i bygdeflokken. Ho er ikkje eingong ei god vaktbikkje, som det er sagt, ho er den gneldrande fårehunden som glefser etter anklane til alle lamma som vil litt vekk frå den store kvite flokken.

Dei ho nå er mest i helane på er jenter som utfordrer flokkmentaliteten. Jenter som har vore i byen. Jenter som utdana seg og tenkjer på å flytte attende til bygda.

Bygdene treng desse. Dei har kompetanse og dei er i produktiv alder, altså dei kan auke folketalet dit dei kjem.

Etter nokre år tek dei til å tenkje på om dei ikkje skal flytte ut av byen, heim dit dei vaks opp eller til eit anna bygdemiljø.

Østlandsforskning i Lillehammer har gjort ei særs interessant undersøkjing om slike jenter. Som ein del av eit forskningsprosjekt har ein intervjua mange kvinner som voks opp i Bygde-Norge i Oppland, Hedmark og Sør-Trøndelag, og som har flytta til byane. Rapporten dokumenterer eit for politikarane løfterikt ønskje om å flytte attende blant bygdejenter i storbyane. Men dei kvier seg.

Og det er ikkje tanken på å gå frå betre jobbar, høgare lønn, rikare kulturtilbod og alt det andre ein finn i byen, som bremser dei. Det er frykten for det feminine bygdedyret dei veit dei vil møte, om dei flytter attende. Med andre ord: Nabokjerringa.

Janteloven

I rapportkonklusjonen til forskar Gro Marit Grimsrud går det klart fram at kvinnene meiner det ville ha vore lettare å flytte attende til heimkommunen om dei var menn. Det er først og fremst andre kvinner som praktiserar janteloven, blir det hevda. Menn aksepterer i større grad at det er skilnadar mellom folk, dei er flinkare til å skilje person fra posisjon enn kvinner.

I kvinnefellesskapet er det ikkje tillatt å skilje seg ut, korkje i positiv eller negativ forstand, hevdar kvinnene i undersøkjinga.

Dei frykter at andre kvinner vil presse dei frå to kantar. For det første ved at dei har stillingar eller posisjonar i lokalsamfunnet, som gjer at dei får meir makt og status enn dei fleste andre kvinner i bygda. Og dette vil dei få merke på ulike måtar.

For det andre vil mange kvinner i bygda kreve at dei skal stille opp gratis når det gjeld kollektiv innsats for lokalsamfunnet.

Ignorér nabokjerringa

Mottoet i denne kampen må bli: Ignorer den gjerne litt eldre nabokjerringa. Ho som synest kvinnene skal vera meir heime hos ungane sine. Ho som er skeptisk til fulltidsbarnehagar. Ho som synest synd på menn som må stelle litt meir hjemme fordi kona er på jobb eller seminar. Ho som ser ned på alle kvinner som ikkje nyttar kontantstøtta fullt ut. Ho som synest ikkje kvinner skal konkurrere med menn på arbeidsplassen. Ho som har klare meiningar om på kva område ei kvinne har lov å stikke seg fram og vera flink.

Kort sagt, ignorer nabokjerringer som vil presse kvinnene inn i den eldgamle plassen i bygdeflokken.

Gro Harlem Brundtland etterlyste nabokjerringene. Truleg gjer dagens Ap-leiarar og andre politikar-toppar det same også i dag.

Den som vil få et godt liv i Bygde-Norge må ignorere dei.

Skrevet av: Ingar Sletten Kolloen