Ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) har bedt Advokatfirmaet Elden om å vurdere om det er grunnlag for erstatningskrav mot tidlegare tilsette i barnevernet.

Foto: Hallvard Tysse, Samningen
Debatt

Barnevernskritikk av låg kvalitet

Kritikken mot førstelinja i barnevernet nådde det som best kan karakteriserast som eit absolutt lågmål i begynnelsen av mai.

Da fortalde ordføraren i Samnanger i media at kommunen vurderte erstatningssøksmål i 30–40 millionarsklassen mot tidlegare tilsette i barnevernstenesta si.

Eit slikt søksmål vil sakne sidestykke i norsk rettshistorie.

Bakgrunnen er ei gransking der advokatane Thea Totland og Geir Kjell Andersland har undersøkt tre barnevernssaker som gjekk føre seg i tidsrommet 2003 til 2013. I to rapportar, som er omtalt på NRK, retta dei sterk kritikk mot barnevernstenesta.

I rapportane, publisert på kommunen sine nettsider, brettar dei ut dei mest sensitive personopplysningar. Det handlar om seksuelle overgrep, vald, diagnosar, konfliktfylte samlivsbrot, medisinbruk, institusjonsopphald og seksualisert åtferd.

Sjølv om opplysningane er anonymiserte, er dei knytt til personar som er lett identifiserbare i lokalsamfunnet.

Barnevernstenesta i Samnanger vart også granska i 2013. Delar av det politiske miljøet i Samnanger kunne openbert ikkje slå seg til ro med konklusjonane frå den gongen.

Kommunen gav advokatane Totland og Andersland i oppdrag å undersøke sakene på nytt. Kommunestyret fann konklusjonane i dei nye granskingsrapportane så alvorlege at dei betalte oppreisning, både til barna og nokre av foreldra.

Problemet er at kommunen ikkje avgrensa seg til det. Kommunen har også bedt Advokatfirmaet Elden å vurdere om det er grunnlag for erstatningskrav mot tidlegare tilsette. Slik håpar ordføraren å få att delar av det som barnevernssakene har kosta kommunen.

Eit slikt søksmål vil sakne sidestykke i norsk rettshistorie, og det ville ha vore sensasjonelt om det hadde vunne fram. Terskelen for slikt erstatningsansvar er høg, og vil regelmessig krevje at dei tilsette har synt grov uforstand i tenesta, til dømes ved fabrikkering av bevis eller falske forklaringar. Slike skuldingar har ikkje granskarane sett fram.

Konklusjonane i rapporten er uansett alvorlege nok. Fleire av dei er det likevel vanskeleg å feste lit til. Det skyldast at rapporten har store kvalitative manglar. Det handlar både om metodikk og om ei språkføring som til dels står fram som spekulativ og insinuerande.

Kronikkforma gir ikkje rom for å gå i detaljar, men nokre døme må nemnast. Utsegner av følgande karakter går att: «Det er ikke mulig å konkludere entydig om hvorvidt barnevernslederens behandling av far kan kategoriseres som rene forfølgelser.»

Her kjem granskarane, heller enn seie kva dei sjølv finn bevist som sannsynleg, med halvkvedne viser som er eigna til å vekke mistanke hjå lesaren om at det faktisk var tilfelle.

Tilsvarande er det med ein påstand i granskinga om at ei omsorgsovertaking reelt sett handla om dårleg økonomi og eit tomt kjøleskåp. Granskarane kunne lett ha avklart om det stemte ved å referere frå den skriftlege grunngivinga som barnevernstenesta gav til Fylkesnemnda i omsorgssaka. Det har dei ikkje gjort. Dei som les rapporten kan heller ikkje undersøke dette sjølv. Dokumentet er underlagt teieplikt.

Andre problem er at Totland og Andersland stadig brukar lovreglar som ikkje galdt på det aktuelle tidspunktet. Dei går elles langt ut over fagkompetansen sin i vurderingar av om barn er feil medisinert og diagnostisert.

Andersland, som både var regiondirektør i Bufetat og fylkesnemndsleiar i perioden, gjer heller ikkje greie for habiliteten sin. Begge desse etatane har vore involvert i dei tre sakene.

Granskarane synest elles å legge ansvaret for alle feil dei meiner å finne på dei tilsette i barnevernstenesta, også der lova legg oppgåvene til andre offentlege instansar.

Eg har lite tru på at det vert noko erstatningssøksmål mot tidlegare tilsette i Samnanger. Allereie det at det i media vert truga med dette, er likevel urovekkande.

Slike trugsmål kan gjere at barnevernstenestene vert redde for å gripe inn der det bør gripast inn. Dei har aldri fullt oversyn over kva som skjer i heimane, og må regelmessig reagere ut frå bekymringsmeldingar.

Det stiller dei overfor vanskelege avvegingar, og feilvurderingar kan verte fatale. Det kjenner vil til frå saker som Christoffer, Valdres-, Alvdal- og Toten-sakene.

Ein annan konsekvens av at kommunen truar med eit slikt søksmål, er at det blir enno vanskelegare å rekruttere og halde på folk i førstelinja i barnevernet.

Dersom kommunane vil auke kvaliteten på barnevernsarbeidet sitt vil det vere langt meir effektivt å løyve midlar til fleire tilsette, betre opplæring og tettare oppfølging av barnevernstenestene.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.