Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Langt betre i Bømlo
For to år sidan var resultatet i null. No ligg Bømlo over tilrådinga frå staten og KS. Netto driftsresultat var det beste sidan 2011.
Bømlo har hatt dårlege resultat i seinare tid, særleg i 2013 då økonomien gjekk i null. Kommunen har hatt lite pengar på disposisjonsfond, og om det ikkje hadde vore for reglane kring rekneskapsføring av pensjon ville tala sett mykje verre ut.
Slik gjekk det ikkje i fjor, syner den ureviderte rekneskapen som kommunen no har lagt fram. Netto driftsresultat var på 1,7 prosent – og det er samstundes med at pensjonsreglane gav høgare utgifter enn tidlegare.