– Bruk eit eksisterande stadnamn
Leira, Frostating, Nedre Sirdal, Sunnmøre, Asak, Holt, Sunnfjord, Gvart, Sør-Østen. Eller kva med Arendelle? Bruk eit eksisterande stadnamn, seier Språkrådet.
Seks kommunar i Nord-Trøndelag er blitt einige om ein intensjonsavtale om ei eventuell kommunesamanslåing. Men verken Fosnes, Namsos, Namdalseid, Flatanger, Overhalla og Høylandet blir namnet på den nye kommunen. Innbyggjarane skal inviterast inn i diskusjonen om nytt namn.
I Aust-Agder går diskusjonen allereie om namnet på ein ny storkommune. Per Kristian Lunden leiar arbeidet med ein intensjonsavtale mellom Arendal, Tvedestrand, Risør, Gjerstad og Vegårshei. I intensjonsavtalen vert det føreslått ein namnekonkurranse.