Det er ikkje lov å fjerne nynorsk som målform ved skulen utan å spørje først, slår Fylkesmannen i Oppland fast. Foto: NTB Scanpix
Det er ikkje lov å fjerne nynorsk som målform ved skulen utan å spørje først, slår Fylkesmannen i Oppland fast. Foto: NTB Scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Må ha folkerøysting om målform

Kommune må halde folkerøysting for å avgjere kva målform ein samanslått skule skal ha, slår fylkesmannen fast.

Gausdal kommune skal slå saman to skular, Engjom og Fjerdum. Dei to har i dag ulike målformer, og kommunestyret sa i mai at målforma ved den samanslåtte skulen skal vere bokmål. Politikarane vedtok eit forslag i strid med synet til rådmannen, som ville ha folkerøysting.

No har Fylkesmannen i Oppland tatt opp saka på eige initiativ, og konkludert med at det må ei folkerøysting til.

Fylkesmannen viser til opplæringslova, der det under overskrifta “Målformer i grunnskolen” (sic) mellom anna heiter: “I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting.”

Fylkesmannen trekk óg fram kva det som no heiter Kunnskapsdepartementet skreiv, då ordlyden vart lagt fram: “Departementet har lagt vekt på at alle slike folkerøystingar har lange tradisjonar, og at dei er ei godt fungerande demokratisk ordning”. 

I gamal lov var det lettare å lese rett ut av teksten at folkerøysting var påbode i slike saker, meiner Fylkesmannen. 

“Fylkesmannen legger etter dette til grunn at spørsmålet om skifte av målform må håndteres likt uavhengig av om det opprettes en ny skole eller om det skjer en nedleggelse av en skole med overføring av elever til en annen etablert skole. (…) Det skal avholdes folkeavstemning”, skriv Fylkesmannen i Oppland i avgjerda.

Siste skuleår var det litt over 150 elevar ved Fjerdum skule, medan det gjekk under 60 elevar ved Engjom. Elevane frå Fjerdum skal dei to neste åra gå på gamle Engjom skule. Frå august 2018 skal det stå ein ny barneskule klar for desse elevane på Fjerdum.

Gausdal kommune fortel til Kommunal Rapport at formannskapet vil handsame saka i møte 16. august, før saka om folkerøysting kjem til kommunestyret 1. september.

(Artikkelen er oppdatert, i første versjon var kva skule som forsvinn no i sommar bytta om.)