Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Pass på verba
Ei god og tydeleg setning inneheld eit verb. Med eit verb på plass skjer det noko. Då får vi merksemd.
Pass deg for substantivsjuka. Bruk verb for å vise kven som gjør kva. Setninga blir tydelegare og lettare å forstå
Likevel er offentlege tekstar fulle av substantiv og slappe støtteverb. Kanskje er skribentane redde for å vere for tydelege, vere til stades i teksten eller skrive for enkelt?