Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Underskot for tredje gong på fem år
Gjelda er høg, investeringane store og underskotet eit faktum. Kommunen skal snart leggast ned.
Ørskog enda med eit dårleg økonomisk resultat i fjor, ifølgje rekneskapen som no er sendt til revisjonen. Underskotet vart på 1,9 prosent av brutto inntekter. Det er venta at dei fleste kommunane vil levere ganske gode resultat.