Hadde sjukepleie vore eit mannsdominert yrke, hadde nok oppgåvene som kvar enkelt sjukepleiar utøver, vore meir reindyrka sjukepleiefaget, skriv pensjonert sjukepleiar Gunhild Rolandsen.

Hadde sjukepleie vore eit mannsdominert yrke, hadde nok oppgåvene som kvar enkelt sjukepleiar utøver, vore meir reindyrka sjukepleiefaget, skriv pensjonert sjukepleiar Gunhild Rolandsen.

Illustrasjonsfoto: Hartmut Schwarzbach / Argus / Samfoto
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Vi treng ein snuoperasjon for å rette på sjukepleiarmangelen

Eg tvilar ikkje på at det er stor mangel på sjukepleiarar, og vil bli det også i framtida. Men når vi høyrer om alt dei blir sett til å gjere, ser vi at det må ein snuoperasjon til.

Frå talarstolen på fylkesmøtet til Norsk Sykepleierforbund i Møre og Romsdal nyleg vart det fortalt om heimesjukepleiarar som må vaske bilane dei brukar, dei må køyre bilane til verkstad når det er tid for sørvis, og dei må hente dei når dei er ferdige.

Skal sjukeleiarane halde ut i yrket til dei går av med pensjon, må belastninga ned.

Vi veit at sjukepleiarar gjer vaktmeisteroppgåver på institusjonar. Dei måkar snø for å komme seg inn til pasientar som bor heime, dei skrapar is av bilar som er frosne på om natta, og dei hentar ved og tenner opp i omnen slik at brukarane/pasientane ikkje skal fryse.

Dei smørar på mat og kokar kaffi, og i tillegg gjer dei det dei skal, som er stell og omsorgsfull sjukepleie – gjerne sårstell, skifte av kateter, medikamentadministrasjon osv. Det er mange oppgåver som kan vere riktige å gjere fordi dei kan observere pasientens situasjon samtidig. Men det har gått for langt slik det er no.

Vi skal omorganisere og samhandle betre, er det nye mantraet. Vi skal ha velferdsteknologi, og vi skal jobbe smartare.

Ja, det skal vi, til ei viss grad. Men «det er faktisk ikkje mogleg å jobbe smartare når ein skal få sjuke til å ete og drikke, då er det snakk om tid, kunnskap og folk!», som ein sjukepleiar skreiv på Facebook.

Det er alltid slik at den som har skoen på, veit best kvar den trykker. Så høyr på dei som er i felten! La leiarar ikkje ha fleire som dei er leiarar for, enn at det er mogleg å ha oversikt! Lag gode arbeidstidsordningar som dei tilsette får vere med å påverke, slik at dei kan kombinere ulagleg arbeidstid med familieliv og andre aktivitetar!

Blir det betre arbeidsvilkår for turnusarbeidarar, kan det hende at det også er mogleg å rekruttere tilbake folk som har gått ut av yrka.

I kommunar og helseføretak sit ofte folk på toppen som sjølv har same grunnutdanninga. Men dei må ikkje gløyme kva som skal til for at både unge og eldre skal halde ut i arbeidslivet. Husk at sjukepleiarane har kunnskap, kompetanse, ferdigheiter og verdiar som skal til for å utøve god sjukepleieteneste.

Andre yrkesgrupper har kunnskap, kompetanse, ferdigheiter og verdiar til å bidra i ei god sjukepleieteneste. Sjølv om sjukepleiarar både kan ha kunnskap og kompetanse til å vaske bil, måke snø og å tenne opp i omnen, så er det ikkje det dei skal bruke arbeidstida si på. Det er det andre som bør gjere. Og dersom det ikkje er nokon tilsett som kan gjere dette, så må det opprettast passande stillingar til det.

Kommunar og helseføretak, og gjerne også Nav, bør inn og tenke nytt om utøving av mange oppgåver som trengst å bli utført. Kanskje kan også Nav bidra med kursing for folk som har vore ute av yrket ei tid? Dette er innspel. Det er ope for å ta dei med seg, og eg vender meg her til den som har makt og mynde – både folk i administrative funksjonar og ikkje minst den som er folkevald.

Skal folk halde ut i yrket til dei går av med pensjon, eller kanskje arbeide lenger enn ein må for å ta ut pensjon, må belastninga ned, og arbeidsoppgåvene bør vere i tråd med det dei er utdanna til. Seniortiltak kan bidra til at folk står lenger i arbeid.

Også kor mykje du kan tene ved sidan av pensjonen utan at den går ned, er eit moment for mange. På dette området er det nok ein del å hente, då der er stor skilnad mellom yrkesgruppene.

Mange har det akkurat som meg, at vi har både arbeidslyst og arbeidskapasitet, sjølv om vi har nådd pensjonsalder, og det er viktig å fylle dagane med meiningsfylte oppgåver.

Sidan det er 8. mars, kan eg ikkje unnlate å nemne at hadde sjukepleie vore eit mannsdominert yrke, hadde nok oppgåvene som kvar enkelt sjukepleiar utøver, vore meir reindyrka sjukepleiefaget. Slik det er no, er det litt som med poteten: Den kan brukast til alt.