Skulen i bygda Nessane skal leggjast ned, men politikarane vedtok først å kutte i budsjettet før sjølve skulevedtaket vart fatta. Det er heilt i orden, meiner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Ill.foto: Daikrieg el Jevi/flickr.com (Creative commons-lisens)

Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Fylkesmann: Kan ta bort budsjettmidlar før skulen er lagt ned

Det er ikkje noko krav om at eit kommunestyre først skal fatte eit vedtak om å leggje ned ein skule, før politikarane vedtek eit budsjett utan løyvingar til skulen, slår fylkesmann fast.

Kommunestyret i Balestrand vedtok før jul eit budsjett der det ikkje er pengar til å drive to skular vidare etter sommarferien i år.

Politikarane har ikkje fatta noko endeleg vedtak om at skulane skal leggjast ned. Budsjettvedtaket vart derfor klaga inn for Fylkesmannen. Men der får ikkje forkjemparane for dei to små skulane medhald.