Nyheter
Ny rådmann i Sykkylven
Ole-Johan Lillestøl (56), starta som rådmann i Sykkylven i januar
- Du takka straks ja til tilsetting i Sykkylven. Kva betydde dette jobbtilbodet for deg?
- Utruleg mykje. I ein så turbulent situasjon som eg var i, var det ei enorm tillitserklæring.
- Du gjekk av som rådmann i Stranda i haust, etter ein tilspissa situasjon der ordførar Frank Sve (Frp) ikkje hadde lenger tillit til deg. Kva gjer du for å unngå at det same skjer igjen?
- Det viktigaste er å vere open i høve til både det administrative og det politiske nivå. Vi må etablere eit godt samarbeid, og det ligg det godt til rette for her.
- Er du ferdig med Stranda-saka?
- Ja, formelt, men det tek lang tid før ein vert ferdig med ei slik sak som menneske. Det gjeld familien også. Men støtta eg har fått, har hjulpet formidabelt. Det var ein som sa til meg at tar tre år før ein blir ferdig.
- Kva for tips har du til andre i liknande situasjonar?
- For meg var det viktig at eg hadde godt samvit, at eg sto på trygge bein. Det at folk bryr seg betyr uhorveleg mykje, at ein backar opp kvarandre. Fleire rådmenn tok kontakt, og det var godt.
- Kva brukar du sluttmillionen til?
- Han får stå og godgjere seg til andre dager. Eg skulle gjerne unnvore han, men han er jo ein viss form for plaster på såret.
- Sykkylven gjekk i fjor med 21,1 millionar kroner i underskot. Politikarane fekk sjokk da rekneskapen vart lagt fram. Korleis vil du løyse denne tøffe oppgåva?
- Vi er i ferd med å sjå på rutiner, rapportering og ansvar for å gje politikarne tryggleik på at dei ikkje skal oppleve dette meir. Men det blir nok noen tøffe år. Hvis vi ikkje klarer å kutte nok neste år, er det Robek neste.
- Kva driv du elles med om dagen?
- Økonomi. Dessutan er det mykje arbeid i høve til omorganisering i kommunen.
- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?
- At det er så kjekke medarbeidarar her. Og at det er eit aktivt politisk engasjement. Det er viktig for eit levande demokrati.
- Kva type leiar er du?
- Eg er oppteken av samarbeid, å involvere mange. Eg likar å delegere, og eg er oppteken av humor i kvardagen. Det er viktig for å trivast og for å gjere ein god jobb. Eg held ein lett og god tone i alle møter.
- Korkeis ønsker du å bli hugsa som rådmann?
- Internt håpar eg å bli hugsa som ein som gjorde kommunen til ein god arbeidsgjevar. Når det gjeld Sykkylven som samfunn, vil eg bidra til at kommunen framstår som attraktiv å arbeide og bu i.
- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?
- Samarbeid mellom politikk og administrasjon, og det å skape godt omdøme for kommunane.
- Kva er favorittnettstadane dine?
- Eg går mykje på ski, så yr.no er særs viktig om vinteren. Elles er det avisene lokalt.
- Kva gjer du på fritida, i tillegg til skiløping?
- No er det sykling og løping. Og om vinteren går eg veldig mye på ski, ja. Turrenn over heile verda er blitt ein lidenskap dei siste åra. Vi er ein lokal gjeng som reiser saman.
- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?
- Eg les ikkje så mykje, men dei siste åra har eg lese litt krimbøker. Det er spanande og avslappande.
- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?
- Kona mi. Ho har vore ei fantastisk støtte etter det som skjedde i haust.