Nyheter
Ny rådmann i Bø i Telemark
Åse Egeland (50) starta som rådmann i Bø i Telemark 2. mars.
- Kva driv du med no?
- Eg har to hovudfokus. Det eine er å bli kjend i organisasjonen - eg skal rundt på alle einingane i løpet av mars for å få oversikt. Det andre er økonomi.
- Bø kommune har vore Robek-kommune i åtte år! Kor mange år til blir det?
- Vi skal ut av Robek i år. Det er ambisjonen. Det er det Fylkesmannen krev.
- Det har vel vore ambisjonen før og.
- Joda. Det er to store utfordringar her. Vi må redusere driftsnivået, vi må ta det på lønn, og så må det betre budsjettoppfølgjing til. Ambisjonane er større no enn i desember.
- Ordføraren seier han er oppteken av tenestetilbodet, og at han ikkje skammar seg over plasseringa på Robek-lista. Korleis ser rådmannen på det?
- Det er avgjerende for meg no at vi byggjer ei felles forståing for den utfordringa vi står framfor. Mitt utgangspunkt er at politikarane vil vere med og forplikte kommunen i høve til utfordringene vi har no.
- Korleis vil du karakterisere den økonomiske stoda?
- Vanskelig. Vi har ei krevjande oppgåve framfor oss. Det er ambisiøst det vi skal klare og vi er langt uti året allereie. Det vil bli unntakstilstand i år, og det vert det også i 2010. Men når vi klarer å ha driftsnivået på riktig nivå er vi herre i eige hus. Eg trur vi må bruke denne fireårsperioden for å kome dit. I 2013 bør vi ha ein ny gjennomgang av eigedomsskatt og revurdering av takstgrunnlaget der.
- Fylkesmannen ville ikkje godkjenne opphaveleg 2009-budsjett for Bø. Kva gjer du for å få dette på plass no?
- Formannskapet har gått tilbake til rådmannens forslag da vi hadde det til ny handsaming no. I tillegg må vi ytterlegare ned. Vi må ta ein million på lønn. Driftnivået må ned hvis vi skal få ein sunn økonomi på sikt. Vi må ta 10 stillingar, det blir å ta vakansar, ettersom vi har kutt i år på 5,5 millionar og vi må ta 3,5 millionar neste år. Vi må bruke dette året på å finne ut korleis vi skal gjere det. Eg trur ikkje vi treng oppseiingar. Vi må gjere strukturelle endringar.
- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?
- Bø er ein vekstkommune som prioriterer kultur. Vi kan fort fortape oss på å spare, men det gjeld også å halde fokus på veksten i folketalet og dei gode tilboda. Tenke drift.
- Kva slag leiar er du?
- Min type er open og inkluderande, og målretta. Eg likar å tenkje strategisk og langsiktig. Eg kan vere tydeleg. Det viktigaste er å ha gjensigdig respekt for medarbeidarar og innbyggjarar.
- Korkeis ynskjer du å bli hugsa som rådmann?
- Som ei som var til stades her og no for å løyse oppgåver, som ei som skapte nødsynt engasjement og arbeidsglede i eigen organisasjon, som ei som skapte ein attraktiv kommune og fekk ting til å skje.
- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?
- Det handlar om styring, dette med gode grep for sunn og god økonomi. Å tenkje strategisk og ha gode målsetjingar. Eg trur ein kan lære mykje av andre.
- Kva er favorittnettstadane dine?
- Google, KS, departementa, faktainfo generelt.
- Kva gjer du på fritida?
- Eg går på ski, er glad i friluftsliv og aktivitet heime på garden.
- Du vann tevlinga i potetskrelling på Dyrskun i fjor. Er det andre ting du er god til som folk ikkje veit om?
- Eg er vel nokså alminneleg, men kan hende meir enn alminneleg oppteken av å halde meg i fysisk god form. Eg er van til å jobbe iskogen, eg likar å jobbe fysisk - å bruke hendene.
- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?
- Kristine Koht er morosam og inspirerande.
- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?
- Eg les mykje. Eg vil anbefale romanen «Tett inntil dagene. Fortellingen om min mor» av Mustafa Can. Det er ei sterk fortelling som er interessant å lese. Han skriv om eigen oppvekst som innvandrar. Tilbakeblikk kan gjelde kvardagen til fleire av oss.