Nyheter

Austrheim vann Bø tapte

Jamstore Bø i Nordland og Austrheim i Hordaland jobbar like hardt mot same mål – fleire folk til kommunen.

– Me har stått på med omdømebygging og marknadsføring, satsa på fritidstilbod til ungdom og lagt ut nye tomter, fortel ordførar Ole Lysø i Austrheim i Hordaland.

Kommunen har hittil i år den høgste folkeveksten i landet i høve til innbyggjartalet, med 130 personar. No er dei oppe i 2.700. Som ein av Mongstad-kommunane har folketalet ofte svinga i takt med trongen til anleggsarbeidarar, men no ser veksten ut til å bere seg sjølv.

– Me er ein nøktern kommune som lenge har slitt med økonomien, men no er han på rett kjøl, og me byggjer barnehage og idrettspark, seier Lysø.

Han flytta sjølv frå Nordmøre til Austrheim i 1948.

– Sidan har mange prøvd å få meg til å flytte, men her skal eg vere livet ut, seier ordføraren.

133 mista folk

Av 430 kommunar hadde 293 vekst i folketalet dei tre siste kvartala. 109 av dei voks takka vere innvandring frå utlandet, jamfør dei ferske tala frå Statistisk sentralbyrå.

Medan kommunar i Hordaland og Rogaland voks mest i høve til folketal, fekk Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger flest nye personar i reine tal. Oslo voks med 8.817, medan Bergen voks med 3.439.

133 kommunar mista innbyggjarar, og verst gjekk det ut over små kommunar i Nordland, Finnmark og Sogn og Fjordane.

Vil snu

Bø i Nordland merkar seg ut på lista over dei ti «verste» både når det gjeld fødselsunderskot og folketap, i reine tal og i høve til folketalet. Bø har så langt tapt 71 personar, og er no under 2.770 personar. Ordførar Sture Pedersen jobbar hardt for å snu utviklinga.

– Me satsar på etablering av arbeidsplassar og driv på for at familiar som har flytta til Oslo, skal flytte heim, seier Pedersen.

Bø lokkar med full dekning på barnehage, SFO og skole, gode omsorgstilbod og fantastisk natur.

– Me må hjelpe folk til å sjå dei gode kvalitetane i Bø, men sentraliseringa i Oslo gjer ikkje jobben lettare for oss, seier Pedersen.

Powered by Labrador CMS