Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Informasjonsteknologi og framtida

Fordelen med datasamfunnet er at ein kan spara tid og gjera ting enklare. I tillegg vil ein både kunne skapa og halda oppe arbeidsplassane i utkantane, skriv Unn Aarrestad.

Stortinget har nettopp debattert informasjonsteknologi. Teknikken i dag er ikkje interessant i det heile, dersom me ikkje greier å setja han inn i ei rame. Me må ha klare mål med kor og korleis me brukar IT.


Mange har ennå ikkje sett kor viktig politisk styring av informasjonsteknologien er for å motverka den nye flyttestraumen til regionbyar, lokale senter og sentrale deler av landet.


Fornebu-området si tiltrekningskraft bør vera ein vekkjar i så måte. Ericsson og ei rekkje andre store konsern vil etablera seg der. Nettopp IT burde gjera at dei kunne vera kor som helst i landet! Ericsson er ei høgteknologibedrift som produserer kommunikasjonsutstyr for at folk skal kunna bu og arbeida der det passar dei sjølv best. I vår høgteknologiske kvardag treng ikkje folk flytta på seg for å samarbeida med andre. Eller trur kanskje ikkje Ericsson på eige produkt når dei sjølve flyttar til Fornebu. Informasjonsteknologi kan også styrka og utvikla det tradisjonelle næringslivet i distrikta.


I fiskeindustrien bør IT utnyttast til å styrka samarbeidet mellom fiskaren og fiskeindustrien, mellom industri og marknad. Utviklinga av eit heilhetleg system som ivaretek alle deler av verdikjeden må vera eit viktig satsingsområde. IT kan brukast til organisering på nye og meir effektive måtar.


Fordelen med datasamfunnet er at ein kan spara tid og gjera ting enklare. I tillegg vil ein både kunne skapa og halda oppe arbeidsplassane i utkantane. Den næringspolitiske utfordringa er særleg knytta til småbedriftene der gevinstpotensialet er svært stort.


Å ta i bruk informasjonsteknologien er ikkje det småbedriftene har kunne bruka mest ressursar på. Derfor er eg glad for at det vart fleirtal for Senterpartiet sitt forslag om å be Regjeringa koma med informasjonsteknologiske tiltak tilpassa små- og mellomstore bedrifter for å redusera problema desse møter i samband med stadig nye endringar i skattelovgiving og anna relevant lovverk. Dette har særleg vore eit problem for småbedriftene i høve til EØS-avtalen.


Det sentrale spørsmålet er om utviklinga skal styrast politisk, og i så fall i kva retning. Det bør vera ein tankevekkjar at når det nå er mogleg å tena pengar på teletenester, vert dei privatiserte. Regjeringa gir samstundes ifrå seg styringa med både telenettet og IT-tenestene som vert formidla over nettet. Politisk målsetting om likskap i tilgang på tenestene - uavhengig av alder, kjønn og bustad - vert uforpliktande lykkeønskje når redskapane for styring manglar.


Elles sa tidlegare forlagsdirektør i Gyldendal, Andreas Skartveit, det slik i Aftenposten: «Det er ikkje informasjon vi manglar, heller ikkje kapasitet til å handtera informasjon. Det er tankar vi manglar. Og her kan ikkje IT hjelpe oss.»


Det bør vera ord til ettertanke også i denne debatten.


Det bør vera ein tankevekkjar at når det nå er mogleg å tena pengar på teletenester, vert dei privatiserte