Nyheter

Vil ha nynorsk i vestlandsregion
Nynorskkommunar og mållag varslar kamp om kva som skal vere administrasjonsspråket i ein region for tre av vestlandsfylka.
Både Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Noregs Mållag har reagert på at det i avtalen om ein ny region for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje er slått fast at nynorsk skal vere administrasjonsspråk.
– Eg er overraska og skuffa over at den nye regionen ikkje skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, men eg vel å tolka dette som ein førebels konklusjon. Dersom dette punktet ikkje blir endra, spår eg at det vert mykje uro rundt avtalen både i politiske forum, i organisasjonslivet og mellom folk flest, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK i ei pressemelding.
– Kommunalkomiteen har bedd LNK passa på at kommune- og regionreforma ikkje får uheldige følgjer for nynorsk, og så langt har det ikkje skjedd så mykje på dette området. Men dersom reforma fører til at nokre av dei sterkaste nynorskområda i landet går frå nynorsk til språknøytralt, er dette ei så stor kulturpolitisk endring at Stortinget bør vurdera å gripa inn, meiner Høviskeland.
– Utan språklege retningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Mållaget kan difor ikkje godta noko anna enn at den nye Vestlandsregionen vert administrert på nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn i ei anna pressemelding.
67 av kommunane i den eventuelle storregionen vil ifølgje mållaget vera nynorskkommunar, medan berre 3 vil vera bokmålskommunar. 15 har vedtak om at dei er språkleg nøytrale.
– Fylkeskommunen og ein eventuell ny region er ein massiv nynorsk skriftspråkprodusent. Det gjer dei til viktige skriftspråksprodusentar. Den store produksjonen av nynorsk tekst inn i havet av bokmålstekst er eit viktig bidrag for å gjera nynorsken synleg. Språkbruk avlar språkbruk, og dess meir nynorsken vert brukt i ålmenta, dess enklare vert det for nynorskbrukarar å halda på og bruka nynorsken, seier Aasbrenn.