Nyheter

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling
Vi har dialogmøte med næringslivet der fylkeskommunen ber om innspel til arbeidet med regional plan for innovasjon og næringsutvikling.
Føremålet med planarbeidet er å utvikle heilskaplege, oppdaterte strategiar som omfattar heile fylket og som bidreg til koordinering, rolledeling og samordning mellom alle aktørane på regionalt og lokalt nivå, opnar fylkesordføraren.
Utkastet til handlingsprogram som ligg på bordet framfor meg har allereie kaffiflekkar og heftet er dobbelt så tjukt som utkastet til strategiplan. Føremålet med handlingsprogrammet er å sikre den strategiske gjennomføringa av denne regionale planen, i første omgang er forslag til tiltak i handlingsprogrammet utvikla i samarbeid med regionale representantar for sentrale verkemiddelaktørar: Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og SIVA, held fylkesordføraren fram.
Orda vert overdøva av at det ikkje er nokon som klappar. Den einaste lyden ein kan høyre er susinga frå ventilasjonsanlegget og fylkesordføraren som set kaffikoppen sin litt for hardt i bordet. Eg fyller på kaffikoppen og finn meg ein bit vestlandslefse bak i salen sjølv om det ikkje er pause i møtet enno. Vestlandslefsa er ikkje like god som tante Klara si, men tante Klara sine lefser stettar neppe krava til offentlege innkjøp, sjølv om dei er nokså innovative.
No er det på tide å finstille siktet og få tilbakemeldingar og frå dykk som er representantar for lokalt næringsliv og andre aktørar, om kva ein kan og bør prioritere av tilatak innafor dei fem temaområda som vert løfta fram i det strategiske dokumentet: klynge- og nettverksutvikling, entreprenørskap og vekstbedrifter, leverandørutvikling og tenesteinnovasjon, tidlegfase-finansisering og kommersialisering av forskningsresultat, seier fylkesdirketøren.
I tillegg til desse tematiske satsingsområda vil det vere naudsynt med nokre generelle, overgripande tiltak som omfatter aktivitetar som kan bidra til ei betre organisering av det regionale innovasjons- og nyskapsingsarbeidet i regionen, og gi eit styrka kunnskapsgrunnag å arbeide ut i frå. Vi har invitert til dette dialogmøtet for å hente inn synspunkt og få innspel til aktivitetar i handlingsprogrammet før det vert lagt fram til politisk handsamling. Vi håpar på ei ope meiningsutveksling i dag og ser fram til mange nyttige innspel som vi kan ta med oss inn i sluttfasen av dette arbeidet, avsluttar han.
Så er det gruppearbeid. Eg snakkar litt med leiaren for industribedrifta inni fjorden. Han lurar særleg på dette med generelle, overgripande tiltak som omfatter aktivitetar som kan bidra til ei betre organisering av det regionale innovasjons- og nyskapsingsarbeidet. Lokalavisa intervjuar leiaren av industribedrifta. Håpar overskrifta vert noko om framoverlent fylkeskommune.