Nyheter

@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien
@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien

Politikk i sirklar

Når vi endeleg er i ferd med å få til noko, er det val igjen, og alt startar på nytt.

Publisert Sist oppdatert

Veggklokka over kjøkenbordet slår tolv seige slag. Eg dreg opp lodda og vrir om nøkkelen for å spenne fjøra, set pendelen i sving. Tikkinga er rungande ekko. Men pendelen er ikkje politikk. Det er ikkje sant at politikken er ein pendel som svingar att og fram. Politikken er visarane på urskiva som går i endelause sirklar. Politikken tar oss ikkje framover, det tar oss alltid tilbake til start. Når vi endeleg er i ferd med å få til noko, er det val igjen, og alt startar på nytt.

I dei store sirklane konstituerer vi nytt fylkesting med nytt fleirtal, vedtar nytt delegasjonsreglement og rullerar regional planstrategi. I dei små sirklane vedtar vi budsjett og samferdsleplan i desember, tar alle årsmeldingane til orientering i april og vedtar styringssignal for neste års budsjett i juni. 

I sirklane blir planar sendt på høyring. Planar blir høyrde. Planar blir vedtatt. Ingen framlegg er nye, alt er resirkulert. Alle framlegg er gjort før. Av nokon andre. I ei eller anna form. Ein eller annan gong.

I sirklane vedtar vi uttalar til kommuneplanar og ber kommunane tenkje seg om ein gong til når dei freistar å endeleg få på plass ein veg dei har ynskt seg sidan 70-talet. Fordi føresetnadene er endra. Føresetnadene er alltid endra sidan sist. Det er difor vi rullerer planar. Det er difor eg elskar plan- og bygningslova. Demokratiet er vakkert. Og det som er vakkert er sant.  Nett som dei fylkeskommunale saksframlegga eg les her ved kjøkenbordet.

Powered by Labrador CMS