Nyheter
Jess! To nye ungar til kommunen!
BYKLE: Fred og ro, nærkontakt med naturen og tryggje tilhøve er verdiar folk set høgt i Bykle. Men utan barnehageplassar hadde innflyttarane snudd i porten. Folketalet i den vesle kommunen har auka med 108 på fire år, mykje meir enn storbyane i prosent.
Assisterande rådmann Inger Lise Grønsand jubla då ho fekk høyre seinaste nytt på rådhuset her om dagen.
- Jess, det har kome to nye ungar til kommunen!
Tilhøva i Bykle er blant dei minste - og største - i Sør-Noreg. Dei 960 innbyggjarane gjer kommunen til ein av landets minste, mens dei 1.500 kvadratkilometerane med skog og hei gjer Bykle tre gonger så stor som Kristiansand og Arendal til saman.
Utanfor allfarveg må ein uansett. Det tek fleire timar i bil, anten ein kjem frå «sul», som setesdølane seier, eller frå nord, vest eller aust.
Sidan 2005 har folketalet i Bykle auka med 12,6 prosent, langt meir enn dei store byane. Talet er eit resultat av både fødselsoverskot, netto innvandring og innanlands tilflytting, det seinaste eit særsyn på landsbasis. I same periode har Bykle laga ein kommuneplan med visjonar for korleis bygda skal sjå ut om 15 år. Ser ein i bakspegelen, skjønar ein kanskje kvifor Bykle har mest lyst til å sjå framover.
- Me har missa ein heil generasjon, og på 70-talet var det ikkje meir enn 470 att her oppe, fortel rådmann Tallak Hoslemo.
Skuldast ikkje skilling
Vasskraftutbyggjinga sto for den første «reddinga» av Bykle, då alt var svart for 30 år sidan. Etter det har kommunen fått rykte på seg for å tappe pengar rett frå vassmagasina på fjellet kvar gong dei fikk eit problem. Dette stemplet liker byklarane dårleg.
- 100 av dei opphavlege byklarane måtte ut då bustadene deira hamna under vassmagasina, fortel ordførar Kay Jeiskelid (H).
Berre 10-15 byklarar jobbar med vasskrafta. Dei fleste innbyggjarane er i privat næring. Av dei igjen jobbar brorparten med reiseliv, og berre eit titall driv gardsbruk. Kommunen sjølv har 170 tilsette.
- Me er nøydd til å halde et tenestetilbod som er mykje breiare enn innbyggjartalet tydar på, seier Hoslemo.
Grunnen er alle dei tilreisande, både på dagstur og hotellovernatting på Hovden og på det staselege Hotell Bykle i kommunesentret. I tillegg kjem folkemassen som nyttar dei 2.500 hyttene.
- Me kallar dei hyttebyklarar, og dei treng alt frå legehjelp til vass- og avløpstenester, fortel Grønsand.
Utvikling nedanfrå
Sjølv om ein god kommuneøkonomi med frie midlar ikkje trekk ned, trekk han heller ikkje særleg opp når Bykle skal ut på flyttemarknaden. Andre ting er viktigare.
- Folk flyttar ikkje hit om me ikkje kan skape arbeidsplassar i næringslivet og få tak i høgt kvalifiserte fagfolk til tenestene, seier rådmann Hoslemo.
Han får støtte frå fagfolka Halvor Holmli og Torbjørn Wekre ved Distriktssenteret, eit nasjonalt kompetansesenter for distriktsutvikling. Dei er ikkje villige til å forklare Bykle sin suksess med skilling, mellom anna av di andre kraftkommunar i Utkant-Noreg ikkje har klart å tiltrekkje folk ved hjelp av pengane sine.
- Utviklingskrafta må kome nedanfrå, og alle i kommunen må ta del, seier Wekre.
Han meiner kommunedelplanen, med visjonar for næring, regulering, miljø og kultur, inneheld sjølve oppskrifta på korleis Bykle har drege folk langt opp i heiane.
- Planen tek utgangspunkt i kommunen sine eigne krefter. Det finst ikkje noko rop om hjelp, og kommunen set seg sjølv i førarsetet for det som skal skje, seier Wekre.
«Fred og ro» på topp
Mens fagfolka peikar på verdival og eit klokt perspektiv på kommunen i høve til staten og omverda, så har byklarane sjølv gjort heimeleksar for å vite kva som verkar.
I fjor fekk kommunen laga ei masseundersøking av årsakar til flytting til og frå Bykle sidan 2003. Nesten halvdelen hadde flytta til Bykle for å byrje i ny jobb, mens to av ti ynskja seg vekk frå livet i byen. Like mange hadde funne seg partnar frå Bykle.Verdiane som skårar høgast for kommunen, er «fred og ro», nærkontakt med naturen og tryggje og gode tilhøve. Mindre viktig vart det då med billege tomter og hus, og at det finst eit variert kulturtilbod.
- Det første innflyttarane spør etter, er om vi har barnehage til ungane deira, fortel ordførar Jeiskelid.
Dei som vil forlate kommunen, ynskjer anten å bu på ein meir sentral stad (58%), av di dei fekk ein spanande jobb eller trong utdanning (55%), eller av di dei trong arbeidsrøynsle (50%). Dette har kommunen tatt omsyn til.
- Det er topp at byklarane reiser ut og skaffar seg kompetanse. Difor har me ei kommunal stipendordning for vidaregåande skule og oppetter, fortel Grønsand.
Kvart år arrangerer kommunen såkalla «heim te-samling» for ungdom under 35 år.
- Det gjeng ut på å lage oversyn over kompetanse og behov for arbeid, og kven som vil ha heiltid og deltid, fortel Grønsand.
Kommunen har opna for praksisplassar i si eiga forvaltning, og dei står på for at det skal stå nye arbeidsplassar klare når kandidatane skal flytte heim.
- Skal du bu ein plass, så må du ha jobb, og Bykle treng så spreidd tilbod som råd er, seier Hoslemo.