Nyheter
Fleire idear i dårlege tider
Tronge økonomiske kår kan gje kommunane større rom for innovasjon, trur helsesjefen i Skien.
På den store kommunekonferansen i Oslo onsdag, arrangert av KS, var innovasjon temaet for dagen. I ein debatt arrangert av Kommunal Rapport vart det diskutert korleis ein kan drive innovasjon i samband med samhandlingsreforma.
Rådmann Bjørn-Atle Hansen i Alta får stadig besøk frå kommunar og rikspolitikarar som ønskjer å sjå korleis kommunen førebur seg på samhandlingsreforma. Det vert sagt at Alta er 80 prosent ferdig med arbeidet, noko Hansen er samd i.
– Reform for lenge sidan
Kommunen har laga eit distriktsmedisinsk senter der tenester frå både kommune, fylke og private er samla. Alta er ein av dei største byane i Norge utan sjukehus, og det kjem heller ikkje til å kome, slår Hansen fast.
– Samhandlingsreforma skulle ha kome for lenge sidan. Vi hadde Bjarne Håkon Hanssen på besøk, med sine visjonar. No har eg inntrykk av at ambisjonane er senka og tempoet sett ned.
Helsesjef i Skien, Tore Haukvik, meiner kommunane må nytte det handlingsrommet dei har, og ikkje berre vente på klårsignal frå andre. Ver meir anarkistiske, oppmodar han.
Vil ha fleire anarkistar
– Det er berre å gå i gang. Vi har ikkje sløst vekk tida på å diskutere kven som skal betale. Då får vi ikkje gjort noko. Nokre gonger er det kommunen som tar rekninga, andre gonger er det staten. Men vi må ikkje spørje staten om alt mogleg. Vi må vere litt anarkistar, og staten liker jo ofte dei resultata vi får til.
– Korleis får de fram idear?
– Dei kjem når folk kjem saman! I den økonomiske situasjonen vi har no, har eg samstundes ikkje hatt så stort fagleg engasjement på mange år. Eg som leiar må gje handlingsrom: Sett i gang! Vi må sprette litt ut av budsjetta av og til, sjølv om vi held dei i det store og heile.
Held ikkje å følgje lova
Haukvik strekar under at det ikkje nyttar å lage system i kommunen som berre tek omsyn til lovverk og eiga organisering. Tilsette og politikarar må heile tida spørje: Er dette godt nok for brukarane? Viss ikkje, må ein fram til betre løysingar – sjølv om forslaget var lovleg.
Helsesjefen i Skien er samstundes ikkje heilt trygg på at samhandlingsreforma vert nokon god endring.
– Om ho får same status som Nav-reforma, er eg glad eg snart er pensjonist.