Annonse
Nyheter

Administrasjon under press etter momsmiss
VIDEO: Ein idé om å redde rekneskapen med eit milliontriks gav i staden lovbrot, rentetap og full oppvask i kommunestyret. Mindretalet i Bø rettar hard kritikk mot administrasjonen.
I vekeavisa Kommunal Rapport kan du i dag lese om striden i Bø kommune i Telemark, som no igjen hamnar på Robek med eit stort, udekka underskot.
Her kan du sjå reportasjen om momssaka.
Rådmann Åse Egeland legg seg no flat for kritikken, men saka skal likevel opp i kontrollutvalet i mars.
Bø har førebels ikkje rapportert tal til Resultatbørsen på Kommunal-Rapport.no, men tal som vart lagt fram denne veka syner at det udekka underskotet no er på 16 millionar kroner.