Nyheter
Vinn med god skule og høg kompetanse
Myten vil ha det til at småkommunar ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft. Slik er det ikkje i Audnedal, vinnaren på Kommunebarometeret.
KONSMO/BYREMO
Nokre og førti minutt inn i landet frå Kristiansand finn vi kommunen som hamnar heilt på topp av Kommunebarometeret 2011. Den vesle treindustrikommunen kan vise til ei rekkje gode resultat – særleg innan pleie og omsorg og barnehage. Kommunen har høgt utdanna personale, god økonomi og rask sakshandsaming.
Audnedal er bygd opp rundt to sentra, Konsmo og Byremo. Ordførar Tønnes Seland representerer Bygdelista for Øvre Audnedal, som i si tid vart skipa i protest mot sentraliseringa i Konsmo. Lista fekk 40 prosent ved sist val, og Seland er ikkje uvillig til å ta ein ny periode.
– Kommunen kan aldri vere til for andre enn innbyggarane. Du finn ikkje så mykje pompøst i Audnedal.
Kvalifiserte tilsette
Audnedal er blant dei beste i landet på å ha kompetent arbeidskraft. Over 80 prosent av dei tilsette i pleie og omsorg, alle lærarar og alle tilsette i barnehagen har fagutdanning. Ei årsak er at kommunen satsar mykje på lærlingar. I år har dei sju, langt meir enn andre kommunar med same storleik. Det gjer både at kommunen får kvalifiserte folk å velje mellom, og at rekrutteringa vert sikra.
– Eg kom frå privat næringsliv då eg vart ordførar, og kunne ikkje forstå at kommunen ikkje hadde lærlingar. Det er den beste måten å hente inn nye folk på. Lærlingane er framtida for Kommune-Norge, meiner Seland.
I tillegg har kommunen eit eiget fond dei tilsette kan søke om pengar frå, for å vidareutdanne seg innan delfag som er prioriterte av einingane sjølve. Halvparten av einingsleiarane tek vidareutdanning på høgskulenivå.
– Finst her god kompetanse frå før, er det lettare å tiltrekke seg fleire. Når vi no søkte etter folk til barnehage og skule, var det overraskande mange kompetente, fortel kommunalleiar for skule og barnehage, Svein Hansen.
Audnedal har òg vidaregåande skule plassert i kommunen, der ein mellom anna kan studere helse- og sosialfag.
– Ingen fell frå mellom ungdomsskule og vidaregåande, og mange frå kommunen tek fagutdanning, seier Hansen.
Lite som skiljer
Audnedal toppar Kommunebarometeret 2011. Kommunar som Høylandet, Øystre Slidre, Vefsn og Etnedal var svært nær å ta fyrsteplassen – og i praksis er det lite som samla sett skiljer dei 25–30 beste kommunane. Sandefjord, som vann i fjor, kjem på 27. plass i år – men det vil vere å trekke tala for langt å seie at kommunen har skuffa av den grunn.
Ei endring i år er at kor mykje pengar kommunane har å rutte med tel noko mindre enn i fjor, då dette prega tabellen i for stor grad. Det er ei forklaring på at kommunar som Hol kjem mykje høgare opp i år. Men andre kommunar har òg klatra kraftig på tabellen ved å levere langt betre tal enn året før. Folldal, Halsa, Saltdal, Giske, Høylandet, Fitjar, Nord-Aurdal, Fusa, Tynset, Kristiansund og Harstad er alle kommunar med ganske normale eller låge inntekter, som har forbetra seg meir enn 150 plassar frå året før
At korrigert inntekt tyder mindre, er òg ei årsak til at fleire kommunar med låge disponible inntekter fell svært mykje frå i fjor til i år. Men kommunar som Sigdal, Notodden, Sokndal, Tysnes, Snåsa, Vegårshei og Radøy er ganske upåverka av desse endringane – likevel er dei meir enn 200 plassar dårlegare ute i år enn for eitt år sidan.
Kommunebarometeret utgjer ein miks avkommunalt tilbod, resultat og effektivitet. Mange småkommunar kjem godt ut på barometeret. Slik hadde det ikkje vore om kostnadar per eining hadde vore det viktigaste. Men her er målet først og fremst å teikne eit bilde på kor bra kommunen leverer.
Kutta i toppen
Rådmann Kjell Olav Hæåk har leia Audnedal i om lag ti år. For tre år sidan kutta han i leiinga, og vart sittande igjen med to og eit halvt nivå, som han sjølv omtalar det. Leiargruppa vart kutta frå seks til fire personar, men Hæåk ville ikkje ha generalistar som kommunalleiarar.
– Vi held på det beste frå etatmodellen, med fagkompetente leiarar, som samstundes har overgripande ansvar. Dei må sjå heilskapen, ikkje berre «sin» sektor.
Hæåk meiner det å vere liten kan vendast til ein fordel.
– På sentralt hald snakkar ein mykje om manglande kompetanse ute i distrikta. Biletet er ikkje så svart–kvitt. Vi har korte liner mellom politikarar og administrasjon, frå leiinga og ut til einingane – og mellom politikarar og innbyggarar. Vi kjenner ting lettare på pulsen, og kan korrigere raskt. Samstundes tenker vi langsiktig, vi har klare mål for kvalitet og trivsel i kommuneplanen, og vi skal auke innbyggjartalet.
Hæåk irriterer seg over synsarar som meiner småkommunane ikkje har kompetanse til å gje gode nok tilbod til innbyggarane.
– Ein prøver å gjere det til ei sanning, men fleire undersøkingar som er gjort syner at det ikkje er sikkert at det er det rette bildet.
«Aldri gode nok.» Det er mottoet til rådmann Hæåk.
– Er vi ikkje på tå hev, får vi problem med å rekruttere folk.
Ei utfordring framover, er samhandlingsreforma. I regi av Lindesnes-regionen er det starta arbeid for å sjå på samarbeid for å løyse oppgåvene som kan kome. Samstundes meiner kommunen den er godt førebudd.
– Sørlandet sjukehus har ikkje korridorpasientar. Her i regionen er vi flinke til tidleg å ta attende pasientar som er ferdig behandla. Slik er kulturen i kommunen. Vi har òg lindrande behandling, og satsar på å auke kompetansen hos sjukepleiarane, seier Tom Valand, kommunalleiar for helse og omsorg.
Best på barnehage
Audnedal har lenge hatt som ambisjon å vere best på barnehage, og det er her dei beste nøkkeltala finst, med god plass og høgt utdanna personale. Her er kapasitet til fleire ungar, og tilflyttarar kan få plass nærast på dagen.
Renate Tveiten, som har vore styrar av Konsmo barnehage sidan 2003, kan glede seg over god interesse for å arbeide i kommunen.
– Fram til no har vi ikkje hatt dei store utfordringane med å rekruttere. Vi har klart oss godt, og eg er nøgd med søkjarane no i vår når eg høyrer kva andre kommunar slit med.
God barnehage er ein nøkkel til å få folk til kommunen. «2020 i 2020 – fremst på kvalitet og trivsel», er slagordet til kommunen. Fleire og fleire flyttar til Audnedal og pendlar inn og ut av kommunen kvar dag. Togturen til Kristiansand er kort, og trafikken på jernbanen har auka stort dei siste åra. Sist veke kunne kommunen melde om ny rekord i talet på innbyggarar, 1.675.
For å auke folketalet, har Audnedal i gang eit toårig prosjekt for å marknadsføre seg ovanfor folk i Nederland. To familiar er på veg.
– Vi kan vere modigare. Står du på ei messe i Nederland, må du fortelje kviforfolk skal flytte hit. Vi er nær byen; ein time frå direktefly til Amsterdam eller båt til kontinentet. Du kan ete ein betre middag i Kristiansand, ei kort togreise unna, seier ordførar Seland.
Kommunen har òg eit bulystprosjekt som mellom anna legg til rette for at dei 60 sandstrendene i kommunen kan nyttast av fleire. Ordførar Seland tek meg og fotograf Knutsen til Ytre Øydnevatn og Byremosanden, der det er lagt til rette for funksjonshemma og opparbeidd områder slik at det skal vere attraktivt å tilbringe vår- og sommarkveldar i vatnkanten.
God økonomi
Audnedal har god økonomi. Litt skuldast sal av aksjar i Agder Energi for nokre år sidan, pengar som i dag gjev 10 millionar kroner ekstra i finansinntekt. Slike ekstrainntekter korrigerer ikkje Kommunebarometeret for, og det kan forklare kvifor kommunen har langt fleire gode enn dårlege plasseringar.
Likevel er det tydelege prioriteringar i kommunen. Mellom anna har kommunen no investeringsstopp. Gjelda er litt høg, men sank i fjor. Dei fire neste åra skal det ikkje byggjast nytt i Audnedal.
– Vi finansierer drifta med finansinntekter. Vi er nøgde om budsjettet går i null, seier økonomisjef Kristine Valborgland.
Men kommunen får mykje ut av samarbeid med private og frivillige. Ein heilt ny fleirbrukshall er bygd ved Konsmo barneskule, der kommunen har gått inn med 1,8 millionar kroner av ei samla investering på om lag 9 millionar. Kommunen leiger plass på dagtid. På kvelden er hallen fylt opp av lag som nyttar han til treningar og sosiale samlingar. Eit mål er å arrangere bygdekino, med plass til 200 på den flyttbare tribuna.
Moderne tilbod er naudsynt, meiner ordførar Seland.
– Vi ønskjer å modernisere dei to bygdene, slik at dei er robuste nok. Ingen vil drive gard utan eit moderne sentrum i nærleiken. Samstundes er innbyggarane våre viljuge til å gjere ein del av samfunnsjobben.
Det frivillige arbeidet er ein av grunnane til at folk trivst, meiner ordføraren. Fotballbanar, friidrettsanlegg og hallar vert laga til utan kommunen som økonomisk motor.
– Det er eit skikkeleg offentleg-privat samarbeid. Av og til må vi innsjå at andre er flinkare å byggje enn oss sjølve, seier Seland.
Tidleg innsats
Eit tiltak som får ekstra pengar, er tidleg innsats i skulen. Elevar som ikkje heng godt nok med i lesing og matematikk, får intensiv oppfølging i ein periode, til han eller ho har tatt igjen resten av gruppa. Arbeidet heng saman med betre resultat på dei nasjonale prøvane i fjor, meiner kommunen.
– Vi hadde dei beste resultata i fylket i fjor. Rett nok har vi få elevar, så resultata kan vere litt vilkårlege, men trenden er stigande, seier kommunalleiar Hansen.
Rektor Liv Øydna ved Konsmo skule er nøgd.
– Erfaringane er veldig bra. Dei 20 vi har i 1. klasse, les no. Slik var det òg i fjor. Vi gjev perioden i 3. og 4. klasse stor merksemd. Lesestoffet er tilpassa, og om lag ein gong i månaden løfter vi elevane opp eitt nivå. Vi har òg trykk på dei føresette og kva som er deira oppgåve.
Lærarane hentar erfaringar frå andre stader, og har mellom anna vitja ein skule i Stavanger for å hente inspirasjon til tidleg innsats-prosjektet.
Har ikkje spurt sidan 2005
Noko av det Audnedal ikkje er så god på, er å spørje innbyggarane. Det har ikkje vore noko undersøking sidan 2005, då kommunen spurte innbyggarane inngåande om kva dei ville prioritere. Men ifjor vart Audnedal med i KS-samarbeidet «Bedre kommune», og det er planar for ei ny undersøking blant innbyggarane neste år.
Kommunen har mykje samarbeid med andre, og har som prinsipp at ein ikkje skal sitje med halve spesialstillingar – då deler ein heller oppgåvene med ein nabo for å fylle opp ei heil stilling. Men kommunesamanslåing er ikkje på agendaen.
– Då dette vart diskutert for nokre år sidan, ville eit samrøystes kommunestyre at ein eventuell samanslåing skulle skje med ein av nabokommunane. Ein stor kystkommune vil ikkje gagne Audnedal, seier Seland.
Så er det ingen av naboane som har så gode resultat å vise til, heller.
OLE PETTER PEDERSEN, 900 57 640
ole.petter@kommunal-rapport.no
MAGNUS BJØRKE KNUTSEN, foto
IKKJE POMPØST
Kommunen kan aldri vere til for andre enn innbyggarane. Du finn ikkje så mykje pompøst i Audnedal
Tønnes Seland, ordførar
FLEIRE NYANSAR
På sentralt hald snakkar ein mykje om manglande kompetanse ute i distrikta. Biletet er ikkje så svart–kvitt
Kjell Olav Hæåk, rådmann
GODE RESULTAT
Vi hadde dei beste resultata i fylket i fjor. Rett nok har vi få elevar, så resultata kan vere litt vilkårlege, men trenden er stigande
Svein Hansen, kommunalleiar
Audnedal er heilt i toppen innan barnehage. NAMN hjelper NAMN å få av seg ytterkleda på veg inn frå leik.
Eit privat firma og idrettslaget har sørgt for ny fleirbrukshall. NAMN og NAMN er blant elevane som har fått mykje betre plass å boltre seg på, til stor glede for rektor Liv Øydna.
Det er ei myte at små kommunar ikkje kan ha kompetent arbeidskraft, meiner rådmann Kjell Olav Hæåk og kommunalleiarane Tom Valand og Kristine Valborgland.
Skogen er den viktigaste ressursen i Audnedal. Om lag kvar tiande innbyggar arbeider ved Konsmo industrier.
Nye turstiar, lagt til rette for funksjonshemma, er eitt av tiltaka ordførar Tønnes Seland og dei andre politikarane har sett av pengar til, for at det skal vere lettare å nytte dei 60 sandstrendene i kommunen.
Mykje natur. Om lag tre kvart time med toget frå Kristiansand kan du få billige tomter og mykje plass.