Nyheter

Tre av fire utan god nok avlasting

Helsetilsynet er ikkje nøgd med tilbodet til avlasting i kommunane.

Publisert Sist oppdatert

«Foreldre og føresette må kunne kjenne seg trygge på at barna blir tekne hand om på ein sikker måte. Mange kommunar har svak fagleg styring og må arbeide meir systematisk med å sikre at barna får tilstrekkelege tenester som er tilpassa dei individuelle behova deira», heiter det i rapporten som Helsetilsynet la fram onsdag.

Avlastingsbustad er gjerne nytta av ungar med sterke funksjonshemmingar, og det er kommunen som har ansvaret for tilpassa omsorg og pleie når ungane bur i avlastingsheimen.

75 kommunar eller bydelar har hatt tilsyn i 2009. Hos tre av fire fann tilsynet brot på lova, såkalla avvik.

Dei viktigaste problema er ifølgje tilsynet:

• For dårleg fagleg styring til å sikre kvaliteten på tenesten.

• Legg ikkje nok til rette for eit meiningsfylt daglegliv.

• Legemiddel vert ikkje allveg forsvarleg handtert.

• Ein av ti bustader er ikkje tilpassa ungane som bur der.

Tilsynet krev at kommunane får på plass nødvendige rutinar og prosedyrar for å tryggje tenestene til ungane. Om tilbodet skulle svikte, må kommunen fange det opp og leggje til rette for forbetringar. Opplæringa og kompetansen hos dei som arbeider med tenestene må òg bli betre, slik at ungane får betre omsorg.

Tilsynet meiner òg at lovverket ikkje er godt nok. Det er vanskeleg for kommunane å vite kva krav som gjeld til dømes for fysisk tilrettelegging.

«Korleis ein skal ta hand om behova barn har for helsehjelp, bør kome tydelegare fram i regelverket i sosialtenestelova», heiter det i rapporten.

Powered by Labrador CMS