Nyheter

Sjukeheim søker eldre

STORDAL: For eitt år sidan vart sjukeheimen i Stordal påbygd og renovert for 40 millionar kroner. I dag har den så få pasientar at kommunen må ut og leite etter moglege bebuarar.

87 år gamle Magnhild Øvrebust skal på gravplassen i dag, saman med pleiar Ellinor Vestre. Magnhild har på tigerhanskar, tigerlue og ullteppe over beina, slik at rullestolturen i den vakre haustsola ikkje skal bli kald. Den lystige pasienten ved Stordalstunet stemmer i ein trall og syng Stordalssongen på veg til kyrkja. Når Magnhild forlet tunet, er det heilt stille.

- Det er ikkje berre eit luksusproblem å ha ledige sjukheimsplassar. Det er også eit økonomisk problem, seier omsorgsleiar Olav Løvoll.

Sjukeheimen har plass til 19 pasientar og ein gjest, som kan bu der i kortare tid utan dusj på rommet. Det siste halvåret har belegget vore på mellom 13 og 14 bebuarar. Og det er ikkje før i 2014 eller 2015 at eldrebølgja vil komme skyllande inn over møbelkommunen på Sunnmøre.

- Sist det kom inn ein søknad om langtidsplass må ha vore i juni, seier Løvoll.

Tenkjer alternativt

Stordal kommune har prøvd å tenkje alternativt for å utnytte dei ledige romma og har tilbydd sin kapasitet til Helse Sunnmøre. Mange pasientar ligg nemlig ferdigbehandla på sjukehuset i Ålesund og tek opp senger, fordi dei ikkje får tilbod om sjukeheimsplass i si eiga heimkommune.

I haust fekk Helse Sunnmøre løyvd 1,5 millionar kroner frå departementet til etablering av ei intermediær sjukeheimsavdeling med ti sengar. Intermediære pasientar har behov for medisinsk behandling på eit høgare nivå enn det ein vanleg sjukeheim kan gi.

Stordal meinte helseføretaket kunne bruke pengane på å kjøpe sjukeheimsplassar hos dei.

- Helse Sunnmøre takka nei. Dei svarer at dei heller vil bruke dei statlege midlane i tilknytning til sjukehuset, seier ordførar Charles Tøsse.

I periodar har Stordal gladeleg tatt i mot pasientar frå andre kommunar, mot betaling. Men også dette byr på problem. Nabokommunene vil gjerne ha korttidsplassar, i påvente av at dei sjølve skal få ledig kapasitet.

- Det løner seg ikkje å gå med full bemanning her på huset, dersom Klara frå nabokommunen berre skal vere her ei veke eller to, seier Løvoll.

For at det skal vere økonomisk lønsamt, må avtalane vere meir langsiktige.

No har kommunen ikkje sett anna råd enn å kutte talet på tilsette ved sjukeheimen. Tilgangen til vikarar vert også mindre, sidan dei faste vikarane finn andre jobbar. Dei kan ikkje leve av dei stadig færre vaktene Stordalstunet har å tilby.

Bølgedalar

- Men kvifor renoverte de sjukeheimen for mange millionar kroner når de ikkje har pasientar?

- Behovet går i bølgedalar. Eg trur alle er glade for at vi fekk realisert Stordalstunet. Sjukeheimen trengte ei oppgradering for å få einerom, seier Tøsse.

Talet på sjukeheimsplassar vart redusert under påbygginga. Likevel står fleire rom tomme i dag.

- Folk ynskjer å bu heime og klare seg sjølv lengst mogleg, seier Tøsse.

Kommunen sine ti omsorgsbustader på tunet er det derimot rift om.

Faktisk er det tre personar som står på venteliste for å kome inn i ei slik leilegheit.

- Er det lettare å få sjukeheimsplass i Stordal enn andre stader?

- Det kan eg svare nei på. Vi har dei same kriteria som resten av landet. Det skal ligge ei velbegrunna sjukepleiarvurdering bak avgjerda, seier Løvoll.

Han trur ikkje inntaksnemda i Stordal er snillare enn i andre kommunar. Men det kan vere enklare for eldre som har vore på sjukehus å få ein korttidsplass på sjukeheimen, for å kome seg på beina att.

- Slik det ser ut no, vil dei ledige plassane stå tomme.

Skrevet av: Malin Kjellstadli Korsnes

Powered by Labrador CMS