Kvart år endar rundt åtte tonn plast i havet. I den nye plaststrategien til Regjeringa er marin forsøpling ein viktig del. Dette søppeltrollet i Osen er laga av rekved og plast funnet i fjæra.
Kvart år endar rundt åtte tonn plast i havet. I den nye plaststrategien til Regjeringa er marin forsøpling ein viktig del. Dette søppeltrollet i Osen er laga av rekved og plast funnet i fjæra.Foto: Espen Bratlie/NTB

Saknar nytenking i ny plaststrategi

Kommunane må kjeldesortere meir og rydde granulat frå kunstgrasbaner, seier regjeringa. Plaststrategien er å slå inn opne dører, meiner Samfunnsbedriftene.

I 2017 rak det i land ein gåsenebbkval på Sotra. Magen var fylt av plastposar, plastsekkar og store plastflak. I går la statsminister Erna Solberg (H), klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og bistandsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) fram plaststrategien til regjeringa same stad.

Strategien skildrar tiltak som er iverksett mot plastforsøpling, tiltak som er under gjennomføring og som kjem i nær framtid.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.