Nyheter

Fylkesbygg får byggjepris

Hamsunsenteret på Hamarøy får Statens byggjeskikkpris.

Publisert Sist oppdatert

– Hamsunsenteret er eit av dei mest særeigne byggverk som er bygt i Noreg dei seinaste tiåra. Her får ein ei ny arkitektonisk oppleving, både som form, funksjon, som element i eit landskap og som utvikling av staden. Eg er imponert over det arbeidet arkitektane, landskapsarkitekt og byggherre har lagt ned her, seier kommunal- og regional minister Liv Signe Navarsete (Sp), som delte ut prisen tysdag.

Prisen blir delt mellom arkitektane Steven Holl Architects, LY arkitekter as, landskapsarkitekten Landskapsfabrikken og byggherren Nordland fylkeskommune.

Byggjeprosjektet blir framheva av juryen som eit unikt stykke arkitektur av høg internasjonal klasse.

– Som respektfull gest til tradisjonell norsk arkitektur, er torvtaket og stavkyrkja si mørke trekledning her tolka på nytt og gjeve ny og eigen karakter. Bygningen underordnar seg ikkje landskapet, men opnar for nye betraktningar og tolkingar av det, skriv juryen i si grunngjeving.

Utstillinga som syner vinnaren av Statens byggjeskikkpris 2011, samt dei seks andre nominerte prosjekta er å sjå i Oslo i juni, før utstillinga vil vere på turné rundt i landet fram til april neste år.

Powered by Labrador CMS