Debatt

Sjukelønsordninga, sjukefråveret - og offentleggjering

Sjukelønsordninga og sjukefråveret er, har vore og vil venteleg bli eit sentralt tema i den politiske debatten, også i tida frametter. At årsakene til sjukefråveret er mange og forklåringane til fråveret kompliserte, er vel dei fleste samde om. Endå fleire meiner at sjukefråveret må reduserast, realøkonomisk vurdert kan ikkje utviklinga fortsette slik.

Ei side ved det auka fråveret – spesielt i offentleg sektor – som det underleg nok ikkje har vore særleg merksemd om, er at auka fråver kan redusere kvaliteten av dei offentlege tenestene. Venteleg må ein ved høgt fråver m.a. erstatte fagfolk med urøynd og ukvalifisert arbeidskraft.

Gjennom fleire tiår har eg sjølv hatt både arbeidsgjevar- og arbeidstakaransvar og er faktisk overraska over dei «smale spora» denne debatten er køyrt i.

Årsakene til sjukefråveret må m.a. finnast på den einskilde arbeidsplass, i arbeidsmiljøet der og/eller i leiinga. Den einskilde arbeidsplass kan i denne samanhengen vere alt i frå resultateiningar til etatar/større einingar. Verkemidla som må nyttast for å få ned sjukefråveret må difor også konkret knyttast til dei einskilde verksemdene.

Det er blitt vanleg, også innan offentleg forvaltning, å definere verksemder som resultateiningar. Sentrale produksjonsparametrar inngår her i styringa av desse verksemdene. Så korfor ikkje innføre konkrete måltal også for sjukefråveret i verksemdene? I rekneskapssamanheng må avvik frå plantal forklarast. Dette bør og gjelde sjukefråveret, og det bør det vere eit ansvar for leiinga å få til.

Resultata bør vere offenlege. Kan ein ottast stigmatisering av dei einskilde verksemdene på grunn av offentleggjeringa? Vi har føresegner om offentleg statistikk som kan skjerme dei einskilde medarbeiderane, men det er ikkje tilsvarande naudsynt å skjerme dei einskilde verksemdene for slikt innsyn. Vi må rekne med at dei fleste verksemdene står for viktige samfunnsfunksjonar. Styringa og oppfølginga av desse må kunne tåle det offentlege lys!

Powered by Labrador CMS