Nyheter
Har mur, saknar grense
Fylkesvåpenet for Møre og Romsdal består av tre stiliserte vikingskip, eit for kvart av dei tre fogderia, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Våpenet blei laga i 1978 og er ikkje godkjent.
Navnet Møre og Romsdal er like delt som fylket sjølv. Møre kjem av ordet «mare» (hav) og refererer til havstykket Hustadvika. Det er rekna for å vere eit av dei farlegaste farvatna langs norskekysten. Fleire skip har gått ned her. Romsdal refererer til landskapene sør og nord for Hustadvika.
Tvers gjennom fylket går det ei grense både i dialekt, byggeskikk og matkultur. Grensa går tvers over øya Midøy i Misund kommune. Mellom dei to gardane Gangstad og Bjørnerem går det den dag i dag ein steinmur. Denne muren markerer ikkje berre grensa mellom to gardar, men også grensa mellom Danmark-Noreg og Sverige frå 26. februar 1658 til 27. mai 1660.
Åra kring midten av 1600-talet var ei uroleg tid i norgeshistoria. Danmark-Noreg måtte gje frå seg store landområde til Sverige, men den dansk-norske unionen prøvde å vinne dei tilbake med eit angrep i 1657, men tapte. Ved fredsavslutninga i Roskilde 26. februar 1658 måtte Danmark-Noreg derfor gje frå seg ytterlegare landområde til Sverige. I Noreg gjaldt dette Bohuslän og Trondhjemslen. Dette førte til at Norge vart delt i to, og riksgrensa følgde fogderi-grensa mellom Romsdal og Sunnmøre. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på denne riksgrensa.
27. mai 1660 vart Trondhjemslen ført attende til Danmark-Noreg og riksgrensa gjort om til fogderigrense, som før.
I nyare tid har steingarden vore kommunegrense i ulike kommunar. No for tida er det ikkje så mykje storpolitikk på Midøy.
Den tilgrodde steingarden ligg der kanskje og ventar på å bli grense mellom regionar?
Vi vågar litt meir!
– Vi har valt oss ein djerv, men likevel jordnær visjon for
fylkesplanen, i tråd med samfunnsånda og folkelynnet her i nordvest, skriv fylkesordførar Olav Bratland i Fylkesplanen for Møre og Romsdal 2009-2012.