Geiter er gode på å pleie landskapet, meiner Vestland fylkeskommune, som vurderer å tilsette endå fleire geiter enn dei som allereie er i arbeid langs fylkesvegane.

Geiter er gode på å pleie landskapet, meiner Vestland fylkeskommune, som vurderer å tilsette endå fleire geiter enn dei som allereie er i arbeid langs fylkesvegane.

Foto: Svein Nordrum/NTB

– Geiter kunne spart fylket for millionar

Sju GPS-geiter erstatter traktorar og folk i Vestland. – 10.000 beitande geiter kunne spart fylket for millionar, meiner fylkeskommunen.

Etter initiativ frå ein geitebonde i Sogn, tende Vestland fylkeskommune på ideen om å la geiter drive skjøtsel langs nasjonal turistveg over Gaularfjellet. No gnafsar sju geiter ivrig på bjørkeskot og kratt langs vegen. Slik sparer fylkeskommunen både pengar og miljø. Også langs ein fylkesveg i Gloppen har fylkeskommunen i sommar hatt geiter i arbeid.

– Eg har sagt det lenge, vi skulle hatt 10.000 geiter gåande. Det hadde spart oss for millionar. Geitene held tilveksten langs vegane nede. Alternativet er at vi må inn med store traktorar med klippeaggregat og krattknusarar, og alt manuelt og maskinelt arbeid kostar pengar, seier byggeleiar Skule Jacobsen i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune på fylket sine nettsider.