Går kommunen i dialog med nærbutikkane sine, gjerne saman med Merkur-konsulenten, er det stor sjanse for at det dukkar opp både behov og løysingar som ein ikkje har tenkt på før, meiner Distriktssenteret.

Går kommunen i dialog med nærbutikkane sine, gjerne saman med Merkur-konsulenten, er det stor sjanse for at det dukkar opp både behov og løysingar som ein ikkje har tenkt på før, meiner Distriktssenteret.

Foto: Distriktssenteret
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Nærbutikken gjer meir enn å selje mjølk og brød

Nærbutikken kan vere ein del av løysinga på fleire av kommunen sine utfordringar.

Dei fleste av oss er glade for å ha kort veg til butikken. Det gjer kvardagen litt enklare. Har du tenkt på at den vesle bygdebutikken som oftast har viktigare oppgåver enn å gjere kvardagen litt enklare? Den er også ein viktig bidragsytar til at kommunen når sine mål.

Sosiale møteplassar er viktige for at kommunen skal nå folkehelsemåla sine.

Vi veit at nærbutikkane i Bygde-Norge kan bidra til at eldre bur lenger heime. Vi veit at nærbutikkane i Bygde-Norge kan bidra til betre folkehelse. Vi veit at nærbutikkane i Bygde-Norge kan bidra til betre driftsvilkår for det lokale næringslivet. Investerer kommunen i samarbeid med butikken, kan kommunen både spare pengar og yte betre tenester.

Nesten 600 nærbutikkar er knytt til Merkur-programmet. Der kan dei mellom anna få økonomisk støtte til investeringar og utviklingstiltak som er tunge løft for ein butikk med lita omsetning. I tillegg får dei oppfølging frå Distriktssenteret og eigne Merkur-konsulentar som gir dei kunnskapspåfyll om det å drive ein liten butikk i distriktet.

Noko av det vi ser, er at ein butikk på bygda ikkje berre er ein butikk som sel mjølk og brød. Butikken tilbyr også det vi kan kalle tilleggstenester, som er av stor verdi både for butikken og for å skape eit attraktivt lokalsamfunn.

Då Oxford Research tidlegare i år studerte resultat og effektar av tilleggstenestene i Merkur-butikkar, slo dei også fast at desse tenestene bidreg til å redusere handelslekkasjen til større stader.

Rapporten stadfester inntrykket vi har om at tilboda har stor verdi for både lokalsamfunnet, butikken og kommunen. Butikken er ein viktig, og ofte den einaste, sosial møteplass i bygda.

Kaffikroken er ein viktig samlingsplass for gammal og ung. Sjølv om ikkje alle som brukar den, alltid legg att mange pengar i butikken, er den treffpunktet der ein slår av ein prat, får omsorg og kjensle av å høyre til.

Sosiale møteplassar er viktige for at kommunen skal nå folkehelsemåla sine. Mange engasjerte kjøpmenn legg til rette for at eldre og einslege har det trygt heime. Kombinert med varelevering og skyssordningar er mange butikkar eit viktig bidrag til at eldre kan bu trygt heime og ikkje måtte flytte på institusjon. Det gir potensielt store innsparingar for kommunen.

Mange av oss tek nærbutikken for gitt. Dette gjeld også mange kommunar som forventar at butikken skal bidra med det meste i ei grend, utan at dei som kommune følgjer opp.

Erfaringane viser at kommunen har mykje å hente på å ha eit aktivt samarbeid med bygdebutikkane sine, både om innhaldet i tilleggstenestene og i finansieringa av dei. Nærbutikken kan til dømes vere pauserom for heimetenestene, så sparar ein køyring.

Kaffikroken kan vere tilrettelagt for ungdom og fungere som ungdomsklubb. Butikken kan vere eit kommunen sin forlenga arm ut i bygda, der ein for eksempel kan få hjelp til å bruke kommunen sine digitale tenester. Det vil ikkje koste mykje for kommunen, men vil bety mykje for lokalbefolkninga.

Tilleggstenestene gir ikkje berre sjølve butikken betre rammevilkår. Også resten av det lokale næringslivet nyt godt av å ha ein nærbutikk med riktige tilleggstenester. Sel butikken drivstoff, vil dette spare tid for dei næringsdrivande.

Post i butikk og andre pakkeutleveringstenester bidreg også til at næringsdrivande slepp å bruke tid på å køyre andre stader for å hente varer dei får tilsendt. Turistinformasjon gir trafikk til lokale reiselivsbedrifter, og andre kan ha nytte av butikken som salsstad for sine produkt.

Merkur-programmet har fleire stader lagt til rette for at kommunen og nærbutikken inngår samarbeidsavtalar der dei formaliserer samarbeidet om tilleggstenester. Går kommunen i dialog med nærbutikkane sine, gjerne saman med Merkur-konsulenten, er det stor sjanse for at det dukkar opp både behov og løysingar som ein ikkje har tenkt på før.

Resultatet blir ei meir berekraftig grend der fleire ønsker å bli buande over tid. Resultatet blir at kommunen klarar å nå fleire av måla sine om folkehelse, omsorg, næringsliv og folketal. Resultatet blir meir levedyktige butikkar i Distrikts-Noreg.