Debatt

Det er behov for ny finansiering av kommunal vegdrift

Når ein kommune slit med å finansiere lovpålagde oppgåver, må det vere feil å prioritere frie midlar til vegvedlikehald som berre kjem delar av folket til gode.

Ei årsavgift for eigedomar knytt til kommunal veg vil vere samanliknbart med avgift for vatn, avløp og renovasjon, skriv Sveinung Seljås.
Publisert Sist oppdatert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Norske kommunar brukar om lag 1—3 prosent av årsbudsjettet på vegdrift.

At kommunen må halde veg til eigne føretak som barnehagar, skular, sjukeheimar etc. er opplagt. Men dei fleste kommunar sit med vedlikehaldsansvar for langt fleire vegar enn dette, som vegar i regulerte byggefelt og vegar ute i grendene.

Alternativet må vere å arbeide for at det blir innført ei årsavgift for eigedomar knytt til kommunal veg.

Klassifiseringa av vegen som kommunal eller privat kan i mange tilfelle karakteriserast som tilfeldig. For den enkelte oppsitjar har det derimot store økonomiske konsekvensar om vegen er kommunal eller privat.

Endringar som kan sikre større rettferd/likebehandling, synest likevel vanskeleg å få til under dagens system.

Alternativet må derfor vere å arbeide for at det blir innført ei årsavgift for eigedomar knytt til kommunal veg. Det vil vere samanliknbart med avgift for vatn, avløp og renovasjon. (Ventar nokon i dag å få VAR-tenestene gratis der kommunen har lagt leidningsnett til tomta?)

Det er derfor ein heimel i lovverket for å kunne krevje inn ei slik avgift som må på plass.

Eg har stilt spørsmål til Kommunaldepartementet/Samferdselsdepartementet om eit slikt tema har vore drøfta, men ikkje fått svar som kjem saka ved.

Når ein kommune slit med å finansiere lovpålagde oppgåver, må det vere feil å prioritere bruken av frie midlar til vegvedlikehald som berre kjem delar av folket til gode.

Her må kommunen få lov til å finansiere tenesta med avgift, opp til sjølvkost, slik VAR-tenestene blir finansierte.

Om kommunen likevel vel ikkje å ta inn full kostnadsdekking frå oppsitjarane, bør ein tilsvarande subsidiedel kunne komme private vegar til gode ved tilskot. Ei slik ordning vil gi rettferd, og truleg også føre til færre kommunale vegmeter.

Kan politikarane arbeide for ei slik løysing?

Powered by Labrador CMS