Agnar Kaarbø. Arkivfoto: Terje Lien
Agnar Kaarbø. Arkivfoto: Terje LienTerje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Tid for årsrapport

Det er eit nytt år og arbeidet med årsrapporten for 2016 går inn i sluttfasen. Men kvifor skriv kommunar årsrapport? Kven skal lese sluttproduktet? Kva tyder det for språk og utforming?

Skriv årsrapporten i eit språk og ein tone som er for dei som ikkje til dagleg driv med økonomistyring og taleksersis. Forklar og inkluder lesaren.

Eg veit av erfaring at ein årsrapport krev mykje arbeid. Ulike tekstar skal inn eit felles dokument. Tall og statistikk krev kvalitetssikring. Illustrasjonar og design skal på plass. Nokon må lese korrektur og sikre konsekvent språkbruk.