Ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) i Surnadal må registrere at kommunen gjekk med underskot på drifta i fjor. Det hadde kommunestyret tatt høgde for. Disposisjonsfondet er omtrent halvert det siste året. Foto: Gøran Rønning

Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Stort underskot på Nordmøre

Effekt av nye kostnadsnøklar og svikt i kraftinntektene er noko av forklaringa på eit driftsunderskot for tredje gong på seks år i Surnadal. Disposisjonsfondet er nesten halvert på eit år.

Surnadal enda med eit dårleg økonomisk resultat i fjor, ifølgje rekneskapen som no er sendt til revisjonen. Underskotet vart på 2,8 prosent av brutto inntekter. Det er venta at dei fleste kommunane vil levere ganske gode resultat.