Skisportanlegget på Hovden i Bykle er eit populært reisemål i regionen. For kommuneøkonomien er det ikkje så solrikt: Me må attende til 2011 for å finne eit dårlegare resultat for Setesdal-kommunen. Arkivfoto: Iván Tostrup

Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Lågsaste margin i nyare tid i Bykle

Den rikaste kraftkommunen av alle har for første gong på mange år ein driftsmargin på under 10 prosent.

Bykle gjekk med eit stort driftsoverskot i fjor, ifølgje rekneskapen som no er sendt til revisjonen. Driftsoverskotet er på 5,9 prosent av brutto inntekter. Staten og KS tilrår at ein normalkommune bør ha ein driftsmargin på 1,75 prosent for å ha ein sunn økonomi. Bykle ligg altså langt over det tilrådde nivået. Slett ikkje uvanleg for kommunen som har dei høgaste inntektene i landet, målt per innbyggjar.