Solund er ein av kommunane som nyt godt av den nye ordninga med utbetalingar frå Havbruksfondet, basert på auksjon av nye oppdrettsløyve. Biletet syner Lågøystolane i Solund. Foto: Jarfan, Wikimedia Commons. Creative commons-lisens

Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Får endeleg spart opp pengar etter auksjon

Med rekordoverskot har Solund endeleg fått eit disposisjonsfond stort nok til å handtere ein økonomisk krise.

Solund fekk eit kjempestort overskot på drifta i fjor, ifølgje rekneskapen som no er sendt til revisjonen. Driftsoverskotet er på 17,7 prosent av brutto inntekter, ifølgje tala Kommunal Rapport har fått frå kommunen. Staten og KS tilrår at ein normalkommune bør ha ein driftsmargin på 1,75 prosent for å ha ein sunn økonomi. Solund ligg altså langt, langt over det tilrådde nivået. Alle resultata er ikkje klare enno, men få andre kommunar kjem til å matche Solund på driftsmargin for 2018.