Nyheter

Gode resultat med fagopplæring i Osterøy

Osterøy kommune er kanskje Noregs-meister i inngåtte lærlingekontraktar.

Frå hausten 1997 har kommunen i Hordaland til saman 21 reformlærlingar. Den stimulerer også eigne tilsette til å ta fagbrev.

KS si målsetjing er at alle kommunar skal ha ein reformlærling per 1.000 innbyggjarar - Osterøy har om lag tre.

På Osterøy har næringslivet, kommunen, dei fagorganiserte og den vidaregåande skulen fått til eit svært vellukka samarbeid om fagopplæring, både for vaksne og for ungdom under utdanning. Resultat av samarbeidet så langt er 18 godkjende lærefag, 17 godkjende læreverksemder, 52 personar med fullførd fagbrev og 105 personar som har lærekontrakt gjennom det fleirfaglege opplæringskontoret Osterøy Utvikling.


God modell
I 1989 var det heile 41 prosent av innbyggjarane i Osterøy over 16 år som berre hadde grunnskule. Berre 15 personar hadde fagbrev. Osterøy Utvikling har sidan starten i 1991utdanna 52 nye fagarbeidarar tilsett i mekanisk industri og akvakultur.
Den tradisjonelle og mest vanlege måten å organisere fagopplæring på er gjennom sjølvstendige læreverksemder eller gjennom felles opplæringskontor for eitt eller heilt beslekta fag. I 1991 var Osterøy Utvikling det første fleirfaglege opplæringskontor i Noreg med mange ulike arbeidsgjevarar som medlemmar, både private og kommunen.
Målet med å skipe Osterøy Utvikling var at ein vesentleg høgare del av dei tilsette i arbeidslivet skulle ha formell fagutdanning, at mange av verksemdene skulle verte godkjende læreverksemder, at ungdom skulle få eit godt og breitt tilbod innan fagutdanning og å ha eit organ som skulle arbeide for kompetanseheving generelt. No er dei på god veg til å nå måla.
I Osterøy meiner dei å ha funne ein god modell som også andre kan teke i bruk.


Arbeid og busetjing
Allereie i 1994 vedtok politikarane i Osterøy at kommunen skal satsa aktivt på lærlingar. 23 eigne tilsette har allereie teke fagbrev.
- Kravet om kvalitet og effektivitet vert stadig sterkare. Kommunen som arbeidsgjevar gjer dette ut i frå eit ynskje om å sikra god rekruttering av kvalifisert personale. Vidare tek me ansvar for at kommunen sine eigne ungdommar skal få høve til å ta utdanning som gjer dei rusta til å skaffa seg arbeid og stå på eigne bein. Me ynskjer å gje ungdommane utdanning som gjer dei skikka til arbeid i heimkommunen. På lang sikt tener dette også målet om å halde folketalet oppe, seier personalsjef Olav Hasselø til Kommunal Rapport.

Skrevet av: Siri Baastad