3RW arkitekter har teikna dette forslaget, fugleberget, for prosjektet i Hyllestad. Det er ei rekke leikehus forma som fuglekassar på skuleområdet.
3RW arkitekter har teikna dette forslaget, fugleberget, for prosjektet i Hyllestad. Det er ei rekke leikehus forma som fuglekassar på skuleområdet.Illustrasjon: 3RW
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Nyskapande anlegg skal aktivisere gammal og ung

Nye aktivitetsanlegg poppar opp over heile landet. I Austevoll skal både besteforeldre, småsøsken og naboar aktiviserast i skulegarden.

Er det mogleg å endre ein asfaltert skuleplass til eit aktivitetsområde for alle? Ein plass som kan nyttast 24 timar i døgnet? Er det mogleg å lage eit fellesområde av idrettsanlegget og skuleplass? Kva er det folk eigentleg vil ha?

For tre år sidan begynte Austevoll å drodle idear rundt nytt uteområde ved Austevoll ungdomsskule, som igjen ligg like ved kommunens idrettsanlegg.