Rundt seks prosent av norske barn og ungdom i skolen opplever mobbing. Ei ny undesøking syner at dei fylkesvise mobbeomboda bidreg til å førebyggje mobbing i skuler og bornehagar.

Rundt seks prosent av norske barn og ungdom i skolen opplever mobbing. Ei ny undesøking syner at dei fylkesvise mobbeomboda bidreg til å førebyggje mobbing i skuler og bornehagar.

Illustrasjonsfoto
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Lite kjende mobbeombod

Dei fylkesvise mobbeomboda gjer skole og barnehage tryggare, men er for lite kjende, syner ny undersøking.

Det var hausten 2018 det blei innført ei ordning med fylkesvise mobbeombod for barnehage og grunnskole. Ifølge det nasjonale mandatet skal omboda mellom anna støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø, arbeide førebyggjande, bidra til tverrfagleg oppfølging etter at saker er handterte og til dokumentasjon og erfaringsdeling.

I ei ny evaluering frå velferdsforskingsinstituttet NOVA kjem det fram at ordninga med mobbeomboda er for lite kjend, men at den bidreg til eit tryggare skole- og barnehagemiljø når mobbeomboda er involvert. Men den organisatoriske plasseringa hjå fylkesmannen er eit problem.