Kunstnarkommunen Jølster blei ein del av Sunnfjord kommune ved samanslåinga i 2020. No får den gamle kommunen att «kommuneskilta» slik at turistar igjen skal forstå at dei er inne i ei merkevare.
Kunstnarkommunen Jølster blei ein del av Sunnfjord kommune ved samanslåinga i 2020. No får den gamle kommunen att «kommuneskilta» slik at turistar igjen skal forstå at dei er inne i ei merkevare.Foto: Britt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Kommunen forsvann, men no kjem namneskiltet på plass igjen

Snart kan turistar finne vegen til Jølster att. Skilt er snart på plass ved dei gamle kommunegrensene.

– Korleis skal turistar og andre ukjende finne merkevara Jølster når namnet er borte frå kartet?

Dette spørsmålet stilte Frps Terje Helgheim i ein interpellasjon til kommunestyret i Sunnfjord i midten av februar i fjor. Då blei skilta ved dei gamle kommunane fjerna etter at Jølster, Gaular, Naustdal og Førde blei til storkommunen Sunnfjord.