Elevane ved Hafstad vidaregåande skule i Sunnfjord mangla lærebøker i naturfag då dei starta på skulen i haust.
Elevane ved Hafstad vidaregåande skule i Sunnfjord mangla lærebøker i naturfag då dei starta på skulen i haust.Foto: Hafstad vidaregåande skule
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Fekk lærebøker to månadar inn i skuleåret

Elevar gjekk nesten to månadar på skulen før dei fekk lærebøker i haust. Det same kan skje neste skuleår.

Elevane ved Hafstad vidaregåande skule i Sunnfjord mangla lærebøker i naturfag då dei starta på skulen i haust. Lærebøkene på nynorsk var ikkje ferdiglaga. Skulen, med rundt 500 elevar, løyste problemet ved å låne ut dei få bokmålsbøkene dei hadde fått. Lærarane brukte også nettet og pdf-filer i undervisninga fram til lærebøkene kom.

Fleire vidaregåande skular i Vestland har enno ikkje fått lærebøker og læremiddel på nynorsk i enkelte fag, ifølge Vestland fylkeskommune. No sender fylkeskommunen ei fråsegn til forlag og andre produsentar av læremiddel. Denne viser til innføring av fagfornyinga, og opplæringslova som slår fast at i grunnskulen og vidaregåande skal læremiddel ligge føre på begge målformer til same tid og pris.