For kvar ein kommune vil det vere interessant å kunne skattlegge objekt av høg verdi. I mange distriktskommunar er dette ofte kraftverk, i byområde bygningar, skriv Jarand Felland.

For kvar ein kommune vil det vere interessant å kunne skattlegge objekt av høg verdi. I mange distriktskommunar er dette ofte kraftverk, i byområde bygningar, skriv Jarand Felland.

Foto: Agnar Kaarbø
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Utjamning gir overføring fra distrikt til by

Framlegga til Inntektssystemutvalet vil i hovudsak medføre økonomisk overføring frå ein del distriktskommunar til bykommunar.

Inntektssystemutvalet leverte i slutten av august sin rapport NOU 2022:10.

Utvalet foreslo mellom anna at delar av inntekter som eigedomsskatt frå kraftverk skal inngå i inntektsutjamninga. Samtidig meinte utvalet av eigedomsskatt av bygningar ikkje skal inntektsutjamnast.

For kvar ein kommune vil det vere interessant å kunne skattlegge objekt av høg verdi. I mange distriktskommunar er det ofte kraftverk som har høg verdi. I byområde er det gjerne bygningar. Likevel ønsker utvalet at berre noko av eigedomsskatten til kommunane skal inntektsutjamnast.

Det er og verdt å merke seg at mange kommunar tek imot store utbytteinntekter frå eigarskap knytt til energiproduksjon. Desse inntektene ønsker ikkje utvalet skal inngå som ein del av inntektsutjamninga, sjølv om dette også er knytt til kraftproduksjon.

Framlegga til utvalet vil såleis i hovudsak medføre økonomisk overføring frå ein del distriktskommunar til bykommunar.

Var det tanken då Solberg-regjeringa oppnemnde utvalet i mai 2020?