Folkebiblioteka saman med brannvesenet skårar jamt over høgast på alle målingar av kommunale tenester folk er nøgde med, trass i at det «berre» er om lag 50 prosent som brukar dei, skriver Vidar Lund.

Folkebiblioteka saman med brannvesenet skårar jamt over høgast på alle målingar av kommunale tenester folk er nøgde med, trass i at det «berre» er om lag 50 prosent som brukar dei, skriver Vidar Lund.

Foto: Agnar Kaarbø
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Lokalpolitikarane bergar biblioteka!

Satsing på bibliotek er satsing på leselyst, kunnskap, møteplass og førebygging til ein latterleg liten penge.

Budsjetthausten 2022 var hendingsrik mange stader. Noreg er inne i eit demografisk skifte med færre ungar og fleire eldre.

Når det i tillegg er ekstrem prisvekst og renteauke som slår hardt ut i kommunane, kan ein isolert sett skjøne ein kommunedirektør som tenker: «Vi kan da berre kutte litt på biblioteket. Det er det jo ingen som døyr av».

I Noreg er det generelle bildet at lokalpolitikarane stiller opp for biblioteka på vegner av innbyggarane sine.

Men nett som kommunedirektøren og kommunestyret har ansvar for heile kommunen, har biblioteka ei unik rolle gjennom at dei ikkje berre er for ei aldersgruppe eller for enkeltsaker. Biblioteka skal drive med lesefremjing. Informasjonssøk. Møteplass. Utlån. Arrangement. Kommunane som satsar på bibliotek får utruleg mykje att på mange nivå.

I Arendal har biblioteksjefen kjempa med både administrativ og politisk leiing i mange år og opplevd enorme kutt i både stillingar og innkjøpsbudsjett. Det gjekk rett og slett på helsa laus, og han måtte gi seg av helsegrunnar.

Der andre bibliotek gjerne opplever at ein er med på ein felles dugnad der alle einingar må kutte 1 eller 2 prosent av driftsbudsjettet, har Arendal bibliotek tidlegare opplevd målretta åtak frå særleg politikarane.

Heilt på tampen av 2022 kom gladmeldinga om at bystyret i Arendal denne gongen auka budsjettet til biblioteket med 500.000 kroner. Vi må vone at det er fyrste del av ein snuoperasjon, men for biblioteksjefen var det for lite og for seint.

I Noreg er det generelle bildet at lokalpolitikarane stiller opp for biblioteka på vegner av innbyggarane sine. I Kragerø berga biblioteket frå å kutte 1/3 av personalbudsjettet. I Nordre Follo berga ei stilling, i Bodø berga to stillingar, i Ås berga Nordby filial – og fleire døme finst.

I 2022 såg eg ikkje døme på at kommunestyre vedtok budsjettkutt for bibliotek etter framlegg frå lokalpolitikarane sjølve. Folkebiblioteka saman med brannvesenet skårar jamt over høgast på alle målingar av kommunale tenester folk er nøgde med, trass i at det «berre» er om lag 50 prosent som brukar dei.

Det bør kommunedirektørane og kommunestyra legge seg på minne no når ein startar arbeidet med budsjetta for 2024: Satsing på bibliotek er satsing på leselyst, kunnskap, møteplass og førebygging til ein latterleg liten penge.