Ole John Østenstad i Sunnfjord var den første som blei «kommunedirektør». Nå tar stadig fleire kommunar i bruk denne tittelen. Foto: Jostein Vedvik
Ole John Østenstad i Sunnfjord var den første som blei «kommunedirektør». Nå tar stadig fleire kommunar i bruk denne tittelen. Foto: Jostein Vedvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Leder
Lederartikler gir uttrykk for Kommunal Rapports syn. Ansvarlig redaktør har ansvar for innholdet.

Frå 2020 tek kommunedirektøren over

Frå årsskiftet vil Kommunal Rapport som regel bruke kjønnsnøytrale kommunedirektør om øvste administrative leiar i kommunen, slik ein stadig større del av Kommune-Noreg sjølv gjer.

Det skulle ta seg ut om KS’ landsting i februar skulle vedta anna enn eit formelt skifte.

Ikkje minst aukar bruken av kommunedirektør i staden for rådmann med kommunesamanslåing frå 2020. Fleire kommunar som har rådmann i dag, skal inn i eit fellesskap med kommunedirektør.

Det er over hundre kvinner i denne stillinga no. Kva er vel meir naturleg enn at tittelen er i harmoni med utviklinga – og eit ønske om like mange kvinner som menn her, som i andre yrke og verv.

Med den nye kommuneloven dette året, har departementet oppmoda kommunane til å bruke tittelen kommunedirektør, men det er ikkje pålagt. Dermed vil nokre kommunar framleis ha rådmann, andre administrasjonssjef. Kommunal Rapport vil sjølvsagt respektere titlane kvar kommune bruker, men generelt vil vi altså bruke kommunedirektør.

Da kommunalministeren la fram forslaget til ny kommunelov i fjor vår, var både rådmenn og politikarar skeptiske til «kommunedirektør» i staden for godt innarbeidde rådmann.    

Kommunal Rapports argument for å halde på rådmann fram til no, har vore at lesarane med ein gang skal forstå kven vi siktar til. Avisa si målgruppe veit kva ein rådmann er. No meiner vi dei som les både nett- og papirutgåva veit kva ein kommunedirektør har ansvar for.

I kommuneloven heiter leiaren av kommuneadministrasjonen kommunedirektør. Paragraf 13.1 i den viktigaste loven for kommunesektoren seier at «Kommunestyret og fylkestinget ansetter selv en kommunedirektør, som skal være leder av kommunens og fylkeskommunens administrasjon.» Stortinget støtta dette.

Kommunaldepartementet har formidla at departementet og andre statlege organ vil bruke kommunedirektør når dei omtalar den øvste leiaren av kommuneadministrasjonen.

• Les også:Hva skal sjefen hete?

Kommunal Rapport vil bidra til bruk av kjønnsnøytrale titlar og finn det naturleg å gi fart til denne språklege utviklinga når merksemda om kommunedirektør-tittelen no har fått tilstrekkeleg omfang.

Det er lett å seie seg einig med Språkrådet, som generelt meiner det er eit viktig jamstillingstiltak at kvinner og menn omtalast likt. Det er bra at KS bruker kommunedirektør i sin kommunikasjon. Det skulle ta seg ut om KS’ landsting i februar skulle vedta anna enn eit formelt skifte frå dagens Rådmannsutvalget til Kommunedirektørutvalget i KS’ vedtekter. Regionale utval har allereie tatt i bruk kommunedirektørutval.