– Er du bekymra for eit barn, bør hovudregelen vere at du skal snakke med foreldra om det, skriv Bjarte Gangeskar.

– Er du bekymra for eit barn, bør hovudregelen vere at du skal snakke med foreldra om det, skriv Bjarte Gangeskar.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

KS og Bufdir – vær så snill og høyr etter

Det er ikkje eit mål i seg sjølv at barnevernet skal få mange meldingar. Det er eit mål at vi skal få dei rette meldingane.

Igjen går det føre seg ein debatt om Bufdir sitt presisjonsnivå når det gjeld informasjon om opplysningsplikta til barnevernstenesta. Bente Ohnstad m.fl. hevdar at informasjonen Bufdir og KS anbefaler kommunane å bruke som rettleiing til Nasjonal portal for bekymringsmelding, gjer at meldingar kan bli sendt på feil grunnlag.

I eit tilsvar i Kommunal Rapport 01.09.21 avviser Bufdir og KS kritikken.

Den manglande felles forståinga av opplysningsplikta, går og ut over tilliten til barnevernet.

Ohnstad og kritikarane har rett, og eg vil med dette oppmode Bufdir til å sjå nærare på sin eigen informasjonsstrategi når det gjeld opplysningsplikta til barnevernet. I svært mange publikasjonar, ikkje berre knytt til den nasjonale portalen, vert det hevda at offentleg tilsette skal melde frå når dei er bekymra for eit barn.

Dette er i beste fall svært upresist, og i verste fører det til brot på teieplikta og øydelagt tillit til hjelpeapparatet, inkludert barnevernet.

Opplysningsplikta til barnevernstenesta er svært streng, og den upresise omtalen av denne fører til at barnevernet får mange meldingar som aldri skulle vore sendt, i alle fall ikkje utan at det er gitt eit informert samtykke.

Mi erfaring er at mange tenester viser til informasjon frå Bufdir om at dei både kan og skal sende melding når dei er bekymra. Informasjon om at denne bekymringa må vere knytt opp til vilkåra i lova, har dei ikkje fått med seg.

Konsekvensen av dette vert ansvarsfråskriving, tillitsbrot mellom foreldre og meldar, born som ikkje får rett hjelp til rett tid og eit barnevern som får mykje ekstraarbeid.

Denne manglande felles forståinga av opplysningsplikta, og for den saks skyld kva som er mandatet til barnevernstenesta, går og ut over tilliten til barnevernet. Det bør Bufdir og KS ta på alvor og prøve å hjelpe oss med.

Det er ikkje eit mål i seg sjølv at barnevernet skal få mange meldingar. Det er eit mål at vi skal få dei rette meldingane. Er du bekymra for eit barn, bør hovudregelen vere at du skal snakke med foreldra om det. Dette er relasjonsbyggande og ofte starten på ein god prosess. Er du bekymra for at eit barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, då skal du sjølvsagt melde ifrå.

Stad kommune har derfor ikkje teke i bruk teksten som Bufdir og KS har gjort framlegg om. Korleis vi har prøvd å få fram bodskapet kan du lese her: Bekymringsmelding – Hovedportal (stad.kommune.no)