Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Språkleg krasj i skulen

Mange norske elevar manglar undervisningsmateriell på sitt eige språk. Det må kommunane gjera sitt for å retta på.

Kommunane må setja inn eit nytt gir for å unngå at skulen blir ein språkskifte-fabrikk.

Skulekvardagen til norske ungar består ikkje lenger berre av Nordahl Rolfsens lesebok. Og godt er det. Både Rolfsen og andre lærebøker har i stor grad blitt erstatta med digitalt læremateriell, og nettbrett har blitt ein del av undervisninga på mange skular. Det gjev mange mogelegheiter, til glede for både elevar og lærarar.

Dessverre er ikkje dei språklege konsekvensane av den nye undervisningssituasjonen fullt så positive. Mange skular har nemleg teke i bruk læremateriell som ikkje finst på undervisningsspråket til elevane. Fleire læremiddel og læringsressursar spreidde på fleire produsentar enn før har ført til at medvitet om det språklege lovverket har blitt dårlegare hos tilbydarane.

Problemet er særleg akutt for digitalt læremateriell. Ein del av det finst ikkje på norsk i det heile. Enda meir finst ikkje på nynorsk.

Noregs Mållag har undersøkt bruken av digitalt undervisningsmateriell ved fire skular i ulike kommunar med nynorsk som hovudmål. Resultatet er nedslåande. Av totalt 104 appar og dataprogram som blir bruka i undervisninga, finst berre 15(!) på nynorsk.

Når nynorskelevane frå før møter lite nynorsk i samfunnet, er det viktig at ikkje det same gjeld i skulen. Me veit at nynorskelevar er svakare i hovudmålet sitt enn bokmålselevar, og noko av forklaringa er at dei i kvardagen møter langt meir bokmål enn nynorsk.

Undersøkinga frå Noregs Mållag avdekte også at språkproblematikk ikkje er nemnt i IKT-planane i eit utval kommunar. I iveren etter dei nye undervisningsformene synest det språklege og kulturelle ansvaret skulen har, å ha gått i gløymeboka. Det er alvorleg. Kommunane må med andre ord setja inn eit nytt gir for å unngå at skulen blir ein språkskiftefabrikk.

Produsentane har eit ansvar for språket i læremateriell. Men det er skuleeigaren som har plikt til å sørgja for at elevane får undervisningstilfang på sitt eige språk. Det gjeld for norsk generelt og for nynorsk spesielt.

Retten til læremiddel på eiga målform er lovfesta i opplæringslova. Læremiddel på bokmål for nynorskelevar er altså eit lovbrot. Paradoksalt nok er ikkje retten til læremiddel på norsk lovfesta. Grunnen er openbert at det tidlegare ikkje har vore noko behov for det, for ingen ville finna på å tilby den norske marknaden ei lærebok på engelsk.

I den moderne undervisningskvardagen er situasjonen annleis. Mange av dei digitale ressursane som blir bruka i den norske skulen, er laga for ein engelskspråkleg marknad.

Språkrådet har blitt kontakta av lærarar som reagerer på at kommunen tilbyr skulen deira læremateriell på engelsk til bruk i norskspråklege undervisningssituasjonar. Det er liten tvil om at norske førsteklassingar heller bør høyra «Flott!» enn «Awesome!» når dei har greidd matteoppgåva.

Ei undersøking av medievanane til barn og unge viser at engelskspråklege dataspel og filmar dominerer fritida heilt ned i barnehagealder. Då er det særleg viktig at undervisninga i og eksponeringa for engelsk i skulen skjer i gjennomtenkte former. Det skjer ikkje så lenge skulane godtek og brukar læremateriell som berre finst på engelsk, i fleire av dei mest sentrale skulefaga.

Å få støtte for at eige morsmål er godt nok, er særs viktig i barneåra. Situasjonen er difor aller mest alvorleg for dei lågaste klassetrinna. Etableringa av førstespråket som eit faktisk førstespråk må skje i alle fag, anten elevane skal læra nynorsk eller bokmål. Det står ikkje i motstrid til å eksponera elevane for språkleg mangfald og sørgja for at dei tidleg møter framandspråksfag.

Både Språkrådet og andre aktørar har tidlegare appellert til sentrale styresmakter om å få sett i verk tiltak som kan betra læremiddelsituasjonen. Noko har heldigvis skjedd. Kunnskapsdepartementet løyvde i vår 55 millionar kroner til utvikling av nye digitale læremiddel i samband med læreplanfornyinga. Med pengane følgjer eit krav til produsentane om at læremiddel skal koma både på bokmål og nynorsk. Det er eit positivt grep som bør bidra til at produsentane blir flinkare til å følgja regelverket i framtida.

Dessverre har ikkje regjeringa så langt teke eit tilsvarande initiativ for å hindra at elevar må ta til takke med undervisningsmateriell på engelsk. Det er likevel håp om betring, for kunnskapsministeren har sett ned eit utval som arbeider med eit utkast til ny opplæringslov. Betre og tydelegare språklege rettar i ei ny lov vil gjera jobben enklare for kommunane, så me må håpa at det kjem på plass.

Inntil vidare må kommunane ta ansvaret for den språklege kvardagen til elevane gjennom å bruka marknadsmakta si. Nokre kommunestyre har gått føre og vedteke å ikkje ta inn læremiddel som ikkje finst på nynorsk. Det er bra, men mange fleire må koma etter.

Så lenge me manglar eit velfungerande lovverk, må skuleeigarane vera portvaktarar og passa på at undervisningsmateriell som ikkje finst på språket til elevane, blir stoppa i døra.