Kommunar i Telemark har innkjøpsreglement som legg til rette for at lokale leverandørar kan delta i utlyste konkurransar. Eit grep for å få til det, er å skilje mellom daglegvaregrossistar og lokale daglegvarebutikkar, ifølgje Distriktssenteret.

Kommunar i Telemark har innkjøpsreglement som legg til rette for at lokale leverandørar kan delta i utlyste konkurransar. Eit grep for å få til det, er å skilje mellom daglegvaregrossistar og lokale daglegvarebutikkar, ifølgje Distriktssenteret.

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Innkjøpssamarbeid eller lokal handel? Ja takk, begge deler!

Må kommunen ofre dei lokale leverandørane for å kunne delta i innkjøpssamarbeid?

Store interkommunale innkjøp vil lett favorisere store leverandørar som kan levere til eit stort geografisk område. Men fleire kommunar har funne løysingar som gjer at dei kan handle lokalt sjølv om dei deltar i eit innkjøpssamarbeid.

Nokre kommunar tolkar lovverket slik at det nesten blir ulovleg å handle lokalt. Slik er det ikkje.

Suldal i Rogaland deltek i interkommunalt innkjøpssamarbeid på Haugalandet og har IT-samarbeid med nabokommunane. Kommunen har fordel av å vere med i eit større fellesskap fordi dei kan få tilgang til kompetanse og rimelege innkjøp. Likevel vel kommunen å kjøpe daglegvarer til grendeskulane lokalt. Dei har og lokale avtalar med elektrikar og røyrleggar.

Sju kommunar i Telemark samarbeider om innkjøp gjennom Telemark innkjøpssamarbeid. Eit av måla for dette samarbeidet er at dei kommunale innkjøpa skal bidra til utvikling av lokalt næringsliv. Kommunane seier i sitt innkjøpsreglement at dei vil legge til rette for at lokale leverandørar kan delta i utlyste konkurransar.

Korleis vil dei oppfylle dette målet? Eit grep er å skilje mellom daglegvaregrossistar, som er gode på å levere til storhushaldning, og lokale daglegvarebutikkar, som kan levere mindre volum til skular og barnehagar.

Innkjøpssamarbeidet har fått på plass ein rammeavtale om næringsmiddel som gjeld for alle kommunale verksemder. Avtalen har unntak for mindre verksemder som får handle gjennom eigne avtalar, med til dømes lokale daglegvarebutikkar. Små grendeskular som har behov for daglegvarer, er ikkje forplikta til å bruke rammeavtalen, men dei kan bruke den om det er formålstenleg.

Kommunar i Distrikts-Norge bør tenke nøye gjennom fordelar og ulemper ved omfattande innkjøpssamarbeid og sjå på korleis slikt samarbeid kan ta lokale omsyn.

Er det mogleg å få til fleksible løysingar, der nokre innkjøp blir gjennomført kommunalt og andre, større innkjøp blir gjennomført interkommunalt, slik som i eksempla ovanfor?

70 prosent av alle landets kommunar deltar i dag i formaliserte innkjøpssamarbeid. Kommunane rapporterer om reduserte kostnader og betre innkjøpsvilkår. Men erfaringane med store interkommunale innkjøpssamarbeid er ikkje berre av det gode. Mange små og mellomstore bedrifter opplever at dei ikkje lenger får selje varer og tenester til kommunen.

Når fylkeskommunen etablerer store innkjøpssamarbeid saman med kommunane, så blir dei lokale bedriftene rett og slett for små. Dette går fram av rapporten «Innkjøpssamarbeid i kommunesektoren», som Oslo Economics i samarbeid med Inventura og NIVI Analyse har utarbeidd for Nærings- og fiskeridepartementet (2021).

Innkjøpssamarbeid har negativ effekt på vekst for små og mellomstore bedrifter og på utvikling av lokalt næringsliv, seier ei overvekt av respondentane i rapporten.

Rapporten stadfestar hjartesukka frå lokalpolitikarar som er bekymra for lokale arbeidsplassar. Er det ikkje kommunens oppgåve å vere samfunnsaktør og utvikle lokalt næringsliv? Kan det då vere riktig at kommunen har ein innkjøpspolitikk som svekker, og i verste fall sparkar beina under, lokale bedrifter?

Oslo Economics anbefaler at små kommunar deltar i formaliserte innkjøpssamarbeid. Men rapporten viser at slikt samarbeid kan ha negativ verknad på små og mellomstore bedrifter. Oppdraga blir så store at små bedrifter ikkje har sjanse til å delta i konkurransane.

«Dette kan igjen føre til at konkurransen om de enkelte avtalene reduserast, som kan føre til dårlegare føresetnader i avtalene og/eller negativ påverknad på konkurranse og næringsutvikling på sikt. Det er derfor viktig at innkjøpssamarbeid vurderer å dele opp kontraktar i delkontraktar», skriv Oslo Economics i si anbefaling til Nærings- og fiskeridepartementet.

Nokre kommunar tolkar lovverket slik at det nesten blir ulovleg å handle lokalt. Slik er det ikkje. Distriktsnæringsutvalet slår fast at kommunane kan legge opp anbodskonkurransar slik at også lokale bedrifter kan delta: «Dette handlar om å ta initiativ, utnytte det lokale handlingsrommet kommunane har og fylle entreprenørrolla med innhald som fremmer det lokale næringslivet».

Kommunen har ei svært viktig rolle som samfunnsaktør, næringsutviklar eller «entreprenør». Kommunen skal legge til rette for lokal næringsutvikling på ulike måtar. Denne oppgåva er enda viktigare for små distriktskommunar enn for store bykommunar.

Distriktssenteret meiner at mange kommunar i større grad bør bruke det handlingsrommet dei har. Dersom kommunen ser innkjøpa i samanheng med den rolla dei har som næringsutviklar, vil det vere positivt for små og mellomstore bedrifter i kommunen.

Lokal handel styrker det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar. Det kan igjen gi positive effektar for kommunen sine inntekter. Innkjøpssamarbeid eller lokal handel? Ja takk, begge deler!