Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Draumen om å vere seg sjølv nok

Distrikts-Noreg har alt å tene på at folk også etter koronakrisa ønsker å samhandle på tvers av grenser.

På 400-talet etter Kristus vart ein høvding gravlagt på garden Eide i Gloppen i Nordfjord, «Eide-høvdingen». Rundt halsen hadde han ein gullmynt med stempelet til den romerske keisaren i Konstantinopel.

Skal vi løyse ei krise, går det raskare dess meir vi samarbeider på tvers av nasjonane.

Ved sida av han i grava låg eit glasbeger laga i Syria – og ein mystisk, komplisert utskoren «tankering» av tre – som elles berre er funnen i Iran og Afghanistan.

1.600 år seinare, i kjølvatnet av koronakrisa, har diskusjonen om det nasjonale som ein motsats til det internasjonale på nytt dukka opp. Er du glad i Noreg på ekte, skal du ifølgje representantar i den norske nasjonalforsamlinga no gå med det norske flagget på jakka – ikkje lefle med mystiske FN-symbol som syner at beraren ikkje er til å stole på.

Andre sentrale politikarar går på ramme alvor ut og oppmodar oss til berre å handle norske varer og kutte ut alt kjøp av varer frå kriseråka land som Italia, Spania eller land med endå lågare levestandard.

Og enno er det vi ser i Noreg som ingenting å rekne, sett opp mot den beinharde nasjonalistiske politiske retorikken i USA, Brasil og mange andre land.

Draumen om å sette eigen nasjon opp mot andre, høyrer krisetider til. Men meir enn nokon gong tidlegare i historia, er det i det herrens år 2020 ein rein illusjon å lulle seg inn i førestillinga om den «sjølvberga nasjonen».

Frå lenge før «Eide-høvdingen» fram til i dag, har Noreg vore avhengig på internasjonal handel og impulsar utanfrå. Vi er eit lite land, med få folk og barsk natur, men ufatteleg rikt på råvarer i form av fisk, skog, olje, mineral, rennande vatn og mykje anna. Vår velstand, våre verdiar, skikkar og kulturarv er og vil alltid vere bygd på at vi kan handle med verda rundt oss.

Aller mest kritisk viktig er det for oss i Distrikts-Noreg. Vi har alt å tene på at folk også etter koronakrisa ønsker å samhandle på tvers av grenser.

Det er vi som aller mest treng kjedelege, anti-populistiske ting som kraftkablar, langsiktige handelsavtaler, fleksible reglar for arbeidsinnvandring og lågare tollmurar. Rett og slett fordi vi berre er drygt 5 millionar menneske, men kan levere mat, råvarer og energi til det mangedoble. Og vil trenge å gjere det, for å halde velferda oppe når oljealderen ubønnhøyrleg går mot slutten.

FN, NATO, den Europeiske kull- og stålunionen og andre internasjonale institusjonar vart danna i kjølvatnet av andre verdskrigen – ein krig der nasjonalistisk ideologi tok millionar av liv og førte til systematiske folkemord av dei som ikkje passa inn i nasjonalistane sine førestillingar om verda. Desse institusjonane og det dei har utvikla seg til, har vore eit gode for verda, og stått seg heilt til vår tid.

Vi står no ved eit vippepunkt for kva veg utviklinga i verda skal gå. Dei nasjonalistiske straumningane er sterke.

Samtidig har vi som globalt fellesskap dei siste åra fått på plass store og viktige felles prosjekt som Paris-avtalen og FNs berekraftsmål, som er meint å vere heile verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

FNs berekraftsmål er både globale og lokale på same tid: Det er rett og slett ein felles arbeidsplan for ei betre verd for alle frå kommunestyret i Stad til FN si generalforsamling.

Er det éin ting koronakrisa bør lære oss, er det ikkje at det gode livet er å vere meir for oss sjølve.

Tvert imot: Det viktigaste vi kan lære, er at skal vi løyse ei krise, går det raskare dess meir vi samarbeider på tvers av nasjonane. Utvekslar kunnskap, deler og samhandlar – og legg vitskap til grunn for avgjerdene.

I åra framover er det grunn til å tru at sterke krefter vil ønske å polarisere vår samfunnsdebatt ytterlegare. Å få oss til å velje mellom «oss» og «dei» – også på lokalplanet. Det vil vere stadige freistingar om å lefle med nasjonalisme, frykt for endringar og kortsiktige gevinstar det kan gje.

Dette må vi som lokalpolitikarar vere medvitne på. Vi må klare å sjå dei lange linene. Sjå kor avhengige vi i det lange løp er av ei open verd med tillit, handel og samhandling mellom nasjonane, og at vegen er forbløffande kort mellom FN si generalforsamling og ei traurig politisk møte i eit kommunalt utval når FNs berekraftsmål skal brytast ned på lokalt nivå.

Om dette gjer meg til «globalist» eller «internasjonalist» eller kva no tidlegare justisministrar frå Frp brukar som skjellsord for tida, får så vere. For det er ingen veg utanom. Koronakrisa har synt oss kor lita verda er, og at nasjonalistisk, anti-vitskapleg politisk retorikk aldri kan vere svaret når alvoret set inn.

Det er berre hardt arbeid, forpliktande samarbeid og ein felles arbeidsplan heile vegen frå lokalt til globalt nivå som kan skape ei betre verd. Og det er no vi må våge å stå i det.