Berekraft og lønnsemd gjeld også cruiseturismen, skriv dei ansvarlege for fagområdet reiseliv på Vestlandet. Bildet er frå Hellesylt. Foto: Arne Inge Tryggestad

Cruiseturismen må bli berekraftig

Debatt. Utsleppa må ned og den landbaserte verdiskapinga opp for at cruiseturismen skal bli berekraftig.
20.5 2019 08:04
Vi meiner at nullutslepp-vedtaket skal gjelde alle fjordar, ikkje berre verdsarv-fjordane.

Cruisetrafikken har auka kraftig dei siste åra. I fjor var 789.000 cruiseturistar innom norske hamner, nesten ei firedobling på under 20 år. Fleire skal det bli. Transportøkonomisk institutt anslår ein årleg vekst på 2,5 prosent i perioden 2018–2028, og 1,5 prosent i perioden 2028–2060.

Om lag 70 prosent av all cruisetrafikk i Noreg skjer i dei fire Vestlands-fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Mens nokon jublar for denne utviklinga og verdiskapinga, er andre kritiske og peikar på forureining og fordelinga av goda.

Då cruiseskipet Viking Sky fekk trøbbel utanfor Hustadvika tidlegare i vår, fekk vi også ei kraftig påminning om kor viktig sikkerheita er.

Kva gjer så fylkeskommunane for å legge til rette for berekraftig cruiseturisme i framtida?

Fjordfylka står saman og er einige om ein felles visjon: Vestlandet skal vere det mest berekraftige reisemålet i Europa, basert på lønnsame og tilgjengelege naturopplevingar.

Berekraft og lønnsemd gjeld også cruiseturismen. Utsleppa skal ned, og den landbaserte verdiskapinga må auke. Samtidig skal dei reisande ha gode opplevingar, og lokalbefolkninga skal ha det bra.

Sidan 2016 har fylkeskommunane og Vestlandsrådet jobba med å få på plass ein felles cruisestrategi, følgt opp av ein felles handlingsplan med 16 tiltak som no skal rullast ut.

Fylkeskommunane vil prioritere å utarbeide ei verktøykasse som reisemåla og cruisedestinasjonane kan bruke når dei skal finne ut kor mange cruiseanløp og anna turisttrafikk ein destinasjon kan og bør ta imot. Vi vil invitere sentrale partar i utviklinga av verktøyet, og på den måten kan dette tiltaket også få nasjonal effekt.

Stortinget har vedtatt at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie innan 2026. Vi meiner at nullutsleppvedtaket skal gjelde alle fjordar. Korleis vil dette påverke Vestlandet, og korleis vil reiarane tilpasse seg? Vi vil gå i dialog med Sjøfartsdirektoratet slik at vi får belyst dei mest aktuelle problemstillingane.

Det er ulike syn på kva type framtidig energibruk vi bør legge til rette for. Vestlandsregionen vil greie ut dette før vi går til store investeringar som det kanskje ikkje vil vere marknad for i framtida. Samtidig vil vi løfte spørsmålet opp på nasjonalt nivå, sidan dette er noko som angår alle cruisehamner i Noreg.

Eitt av tiltaka i handlingsplanen går på risiko. Vestlandsrådet kjem til å be politidistrikta i kvart fylke om ei orientering om korleis risikoen knytt til cruisebesøk er innarbeidd i beredskapsplanar. Fylkeskommunane har ansvaret for å få problemstillinga belyst, og temaet er foreslått inn på ein nasjonal cruisekonferanse i Bergen til hausten.

Fylkeskommunane kan og skal ikkje utføre alle tiltaka sjølve, men vi kan ta initiativ og stimulere til tiltak gjennom tilskotsordningar. Vi konsentrerer oss om dei tiltaka som skal gi best mogleg effekt av cruisebesøka og som kan påverke utviklinga i ei berekraftig retning.

Skribentane er ansvarlege for fagområdet reiseliv i sine respektive fylke.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.