I vedtaket der statsråd Monica Mæland  gir grønt lys for grensejustering, er det lagt stor vekt på at Preikestol-området skal forvaltast av éin kommune, skrive Yngve Flo. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix
I vedtaket der statsråd Monica Mæland gir grønt lys for grensejustering, er det lagt stor vekt på at Preikestol-området skal forvaltast av éin kommune, skrive Yngve Flo. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Nei, det handlar ikkje (berre) om Preikestolen

For mange fastbuande i Forsand er det sikkert likegyldig kven som forvaltar Preikestolen. Det er likevel opplagt at det for andre aktørar nettopp er «eigarskapen» til turistmagneten som er kjernen i striden kring samanslåinga til nye Sandnes.

Utsiktene til å få Preikestolen innan grensene sine var truleg ein viktig inspirasjon da Sandnes kasta augo sine på Forsand.

I eit debattinnlegg i Kommunal Rapport stiller Kjersti Helen Seldal Nordnes seg kritisk til ein kronikk eg tidlegare har skrive for avisa – og det ho tydelegvis oppfattar som ei mangelfull forståing av bakgrunnen for og konsekvensane av grensejusteringa i Forsand.

Det Nordnes tydelegvis ikkje har oppfatta, er at kronikken min er eit halvt år gammal, publisert 24. august i fjor. Den var såleis allereie ti veker gammal då statsråd Monica Mæland ei stund før jul konkluderte med at området nord om Lysefjorden skal flyttast over til Strand.

Kronikken tok rett nok utgangspunkt i den spanande og den gong enno uavklara saka i Forsand, men då fyrst og fremst som eit oppspel til ein diskusjon kring korleis grensejusteringar allment var blitt handtert i kommunereforma. Ein av observasjonane var at Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gradvis hadde lagt meir vekt på andre faktorar enn berre folkemeininga.

Det vert derfor feil når Nordnes polemiserer mot mine allmenne karakteristikkar av kva vurderingar KMD til då hadde gjort i grensejusteringssaker, med utgangspunkt i hennar eigne vurderingar av prosessen i Forsand. Eg har aldri uttalt meg om kor stor eller liten den folkelege oppslutnaden om justeringa er nord om Lysefjorden, og heller ikkje elles om det saklege grunnlaget for å innfri eller avslå kravet om grensejustering.

I innlegget sitt skriv Nordnes at saka har vore ein opprivande affære i Forsand, og legg vekt på kva konsekvensar kløyvinga av kommunen vil ha for skulen – også dette vert framheva i ein polemikk mot meg; eg burde ha fått med meg at «dette handler om mennesker»!

Les Nordnes kronikken min opp att med friske auge, vil ho vonleg oppdage at eg nettopp legg vekt på dei menneskelege kostnadene: Konfliktnivået ved grensejusteringssaker er som regel høgt, høgre enn ved reine kommunesamanslåingar, og som oftast står nokre att som taparar. Om kommunane som må avstå areal og innbyggjarar er små og svake i utgangspunktet, forsvinn noko av grunnlaget for å halde administrasjon og tenestetilbod oppe, skriv eg. 

«Dette handler ikke om Preikestolen», insisterer Nordnes.

Sjølv om eg har full forståing for at ho og mange med henne i lokalmiljøet er hjartans samde om at plassering av forvaltaransvaret for fjellet er heilt underordna, så er vel problemets kjerne at det nettopp er Preikestolen dette handlar om – for andre viktige aktørar. Eg trur ikkje mange kan nekte for at utsiktene til å få Preikestolen innan grensene sine var ein viktig inspirasjon den gong Sandnes kasta augo sine på Forsand, og derfor er iallfall éi viktig forklaring på at dei to kommunane vert slegne saman.

Og i vedtaket til statsråden der ho gir grønt lys for grensejustering, er det lagt stor – for alt eg veit avgjerande – vekt på at Preikestol-området skal forvaltast av éin kommune, mellom anna av beredskapsomsyn.

Kommunereforma har vore lagt opp ut frå prinsippet om at ein fyrst slår saman heile kommunar, helst på basis av politiske fleirtalsvedtak i dei involverte kommunane, og deretter avgjer om ein skal innfri lokale krav om grensejustering. Dette er utan tvil enklare å handtere politisk og administrativt enn om alle vurderingar knytt til kommunestrukturen skal gjerast under eitt.

Men risikoen er openberr: Ein kan få grensejusteringar som riv vekk iallfall delar av grunnlaget for at kommunane fann saman i utgangspunktet, og ein kan få eit sluttresultat som få eller ingen eigentleg er heilt nøgde med. Om det er tilfelle i Ryfylke, overlèt eg til andre å vurdere.