Unio-leiaren undrar seg over at KS ser ut til å legge lite vekt på arbeidet til varslingsutvalet, leda av Anne Cathrine Frøstrup, sitt arbeid. Foto: Magnus K. Bjørke
Unio-leiaren undrar seg over at KS ser ut til å legge lite vekt på arbeidet til varslingsutvalet, leda av Anne Cathrine Frøstrup, sitt arbeid. Foto: Magnus K. Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Varslarvernet må styrkast

KS erkjenner at handteringa av varslingssaker er utfordrande, og at det trengst forbetringar. Likevel seier KS i praksis nei til dei fleste forslaga til betra varslingsvern.

Noreg har solid tradisjon for ombodsordningar med høg tillit.

Eg må konstatere at Unio og KS er ueinige om kva som må til for å styrke varslarvernet. Eg undrar meg også over at KS ser ut til å legge lite vekt på varslingsutvalet sitt arbeid. Dette lovar ikkje godt for framtidige varslarar, og heller ikkje for den eller dei som blir kritiserte.

• Les også:
Varslingsreglane fungerer ikkje godt
Praktiseringen av varslingsreglene er utfordringen

Dagens situasjon for varslarar er ikkje haldbar. Mykje av diskusjonen no står mellom å etablere eit nytt varslingsombod eller om det skal leggast eit større «varslaransvar» til Arbeidstilsynet.

Unio meiner at den beste løysinga er eit nasjonalt varslingsombod, slik fleirtalet i varslingsutvalet foreslår. Dette får støtte frå tre av fire hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida, og frå tre av fire hovudorganisasjonar på arbeidsgivarsida.

Mindretalet får støtte av arbeidsgivarorganisasjonane i offentleg sektor, KS og Spekter, og frå Akademikerne.

Eit nasjonalt varslingsombod vil i større grad enn Arbeidstilsynet stå i ein uavhengig posisjon. Varslingsombodet vil heller ikkje ha den oppgåvetrengsel som Arbeidstilsynet opplever allereie i dag. Eit nytt varslingsombod vil ikkje vere bunde av andre oppgåver og roller som kan komme i konflikt med arbeidet knytt til varsling.

Dessutan handlar det om at oppretting av eit varslingsombod i seg sjølv kan stadfeste at varsling er ein viktig verdi, og dermed sende signal som kan påverke haldningar og førebygge kritikkverdige forhold. Varslingsombodet, som eit sjølvstendig og uavhengig organ, vil medverke til synleggjering av temaet og klargjere kvar ein kan gå for å få hjelp.

Det verkar som KS både er bekymra for at eit varslingsombod vil utfordre arbeidsgivarrolla og leiaransvaret, og for at eit ombod skal føre til at saksbehandlinga i varslingssaker skal bli meir tidkrevjande.

Den uroa er det ikkje grunnlag for. Eit varslingsombod skal ikkje bli ein byråkratisk bremsekloss. Tvert imot, gjennom førebygging og eit lågterskeltilbod for involverte partar, kan konfliktar løysast heller enn å forsterkast.

Noreg har solid tradisjon for ombodsordningar med høg tillit. Eit varslingsombod vil ikkje vere ei byrde, men uttrykk for samfunnskvalitet. Det er også bakgrunnen for at regjeringa har satsa på eit nytt nasjonalt eldre-, pasient- og brukarombod.

Det har vore talrike medieoppslag om varsling det siste året. Mange av dei har involvert medlemmer i KS; kommunar og fylkeskommunar. Ofte er det tale om krevjande, til tider helseskadelege saker for dei involverte. Unio meiner at å opprette eit eige uavhengig varslingsombod er det beste tiltaket for å førebygge og løyse krevjande varslingssaker.

Og ikkje minst, det vil styrke varslarvernet.