Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Landstinget til LNK blei pressa av styret

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) pressa landstinget i samband med fråsegn til ny opplæringslov. Landstinget tok derfor ikkje stilling til om foreldra framleis skal kunna avgjera kva skular som skal ha parallellklassar oppretta på språkleg grunnlag.

Ikkje heilt uventa vart framlegget til ny opplæringslov eit av hovudpunkta då LNK drøfta språkleg jamstilling på landstinget. Om lag 90 personar var møtt fram til tinget på Ål, og dei fleste av desse var sterkt kritiske til fleire delar av det nye lovutkastet.


Folkerøysting
Representantar frå alle dei politiske partia kunne semjast om at læremiddel skal liggje føre på nynorsk og bokmål samstundes og til same pris. Politikarane meinte og at målbyte i skulen skal avgjerast ved folkerøysting og ikkje direkte i kommunestyret, slik lova legg opp til. Vidare lova alle politikarane å arbeida for at foreldra framleis skal kunna avgjera kva skular som skal ha parallellklassar oppretta på språkleg grunnlag. Dette siste punktet skapte mykje debatt, sidan styret i LNK tidlegare har gått inn for at kommunen skal kunna avgjera kor slike klassar skal leggjast. Den siste dagen på landstinget blei det fremja ei fråsegn som gjekk på tvers av styret sitt syn i denne saka.. Debatten første dagen hadde vist at det var ei brei semje for ei slik fråsegn på landstinget. Når saka kom til behandling, var situasjonen plutseleg ein heilt annan.
Nils Taklo, leiar i LNK, var glad for det ordskifte som kom i denne saka, men såg at det ville vere eit uventa nederlag for styret å få landstinget i mot seg i denne saka. Men nederlag blei det ikkje. Etter at arbeidet var unnagjort i korridorane hadde dei aller fleste valt å støtta styret, og landstinget lot dermed vere å ta stilling til om foreldra framleis skal avgjera kva skular som skal ha parallellklassar oppretta på språkleg grunnlag.
Landstinget meiner opplæringslova må slå fast følgjande prinsipp

  • skulebøker og materiell skal liggje føre til same tid og same pris
  • kommunar må få godtgjort for ekstrautgifter som følgje av språkdeling
  • opplæringsmålet må framleis avgjerast ved rådgjevande folkerøystingar


Vilkåra for nynorsken må styrkjast


Det er ikkje reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Me treng ein offentleg debatt om språksituasjonen i Noreg, og LNK vil ta initiativ til at regjeringa peikar ut eit utval som kan leggja fram ei innstilling som vurderer korleis me kan oppnå reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk.


Nils Taklo, leiar i LNK, meiner det er viktig å få fleire med på eit ordskiftet om språkleg jamstilling. LNK har i sitt relativt korte liv sett ulike språkpolitiske spørsmål på dagsorden og ofte fått gjennomslag for desse. Me treng no ein skikkeleg gjennomgang av språksituasjonen i landet vårt. Eg ser på mange måtar situasjonen for nynorsken som by-land problematikken. Dei språklege rettane må takast på alvor på same måten som dei distriktspolitiske utfordringane må takast på alvor.


I ei tid med stor teknologisk utvikling bør me ta oss tid til dette. Eit breitt samansett utval som ser på alle sider ved korleis me i praksis kan oppnå reell jamstilling vil bli ei svært viktig sak for LNK i tida som kjem, seier Nils Taklo.


Meir nynorsk i Kommunal Rapport
I leiartalen kom Nils Taklo med sterke angrep på Kommunal Rapport for ikkje å gjera nynorsken meir synleg i spaltene.
Vel er avisa fri og frank redaksjonelt, men den må ta på seg eit ansvar når ein fjerdedel av lesarane er nynorskbrukarar, sa Taklo. Kommunal Rapport dekkjer heller ikkje nynorskdistrikta og det som opptek desse på andre kommunale områder.
Me har tatt saka opp med redaktøren tidlegare utan at det har ført fram, men me ventar at avisa tar utfordringa no, sa Nils Taklo. Landstinget slutta seg til denne kritikken og vedtok ei eige fråsegn som støttar dette synet.


Utvikla nynorsk bruksspråk
Arbeidsprogrammet til LNK i perioden 1997 til 1999 som blei vedteke på tinget vil mellom anna at LNK skal arbeida for å utvikla nynorsk bruksspråk innanfor alle offentlege sektorar. Teknisk sektor er prioritert i perioden fram til 1999. Vidare oppmodar LNK alle medlemskommunar til å vedta eigne målbruksplanar og arbeida for 25 prosent nynorsk i Kommunenes Sentralforbund


Nytt styre i LNK
Nils Taklo, Ørsta, styreleiar i LNK. Dei andre i styret er Magne Rommetveit, Stord, Arnfinn Vigrestad, Time, Kari Kile, Fyresdal og Vigdis Midtbø frå Solund kommune. Vara til styret er Kari Elin Sperstad, Skjåk, Arne Kleppa, Hjelmeland og Øystein Strømme Rasmussen frå Odda.


Sogn og Fjordane Idrettskrins fekk målpris
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) delte ut pris for god offentleg målbruk til Sogn og Fjordane Idrettskrins (SFIK). SFIK er einaste idrettskrinsen i landet som berre brukar nynorsk, og LNK ynskjer derfor å heidra krinsen som eit godt føredøme for det offentlege og for andre lag og organisasjonar. LNK utfordrar samstundes andre idrettsorganisasjonar til å drøfta språkbruken sin.

Skrevet av: Einar Schibevaag