Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Vi treng robotar og kunstig intelligens

Robotar og kunstig intelligens må inn i drifta, slik at kommunane kan frigjere ressursar for å få fleire tilsette i pleie- og omsorgssektoren.

Kor lenge er det til vi kan forvente å få robotar som tek over arbeidsoppgåver til kommunalt tilsette?

På dette området er samfunnet i rask bevegelse, sjølv om eg vil stille spørsmål ved om det går særleg fort framover. Vi les stadig om kommunar som har prøvd ut robotar på skule og institusjon, samt robotar som skal ta over dei administrative oppgåvene i kommunane.

Men kor lenge er det til vi kan forvente at vi får robotar som tek over arbeidsoppgåver til kommunalt tilsette, slik at vi får frigjort tid til fleire tilsette i kommunal omsorgsoppgåve?

Vi har i dag kommersielt utvikla robotar som AV1, ein kommunikasjonsrobot som mogleggjer at barn kan kommunisere med klassemiljøet sitt sjølv om barnet er på sjukehuset eller heime.

Vi har robotar som vaskar idrettshallar og andre kommunale bygg, og har hatt sosiale robotar som «Paro» på sjukeheimar.

På det administrative nivået har vi robotar som sjekkar feil på inngåande faktura til kommunen og returnerer fakturaen dersom det er feil.

Det er vidare mange kommunale IKT-miljø som no ser på det å automatisere regelstyrte prosessar, og eg ventar med spenning på den første arbeidsprosessen.

Uansett, så trur eg at kommunane blir for små, både aleine og saman med andre –også når du ser på dei store kommunane som Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

I Kommune-Norge har vi fått introdusert løysingar knytte til kunstig intelligens. Vi har no samtaletenester som skal kunne svare på spørsmål, enten det er «Kari» eller «Bottolf». Det viser seg likevel at denne kunstige intelligensen kanskje ikkje held eit nivå som vi forventar. Professor i informatikk Kai A. Olsen uttalte til NRK 9. september at ein slik samtalerobot måtte skrotast fordi den svarar feil ein av ti gongar.

Er dette eit problem? Nei, eg trur ikkje det. Skal vi lykkast, må vi ta små steg, og det må vere lov å gjere feil.

Men vi må våge å spørje: Kor mykje kan vi forvente av kunstig intelligens og robotteknologien, og når kan vi forvente resultat?

Det er mange miljø som nyttar store ressursar på kunstig intelligens, men kanskje ikkje innanfor kommunal forvaltning. Eg vil vise til utviklingsmiljøet DeepMind, som vart etablert i London i 2010, og som utviklar kunstig intelligens innanfor områda medisin, kommunikasjon og spelteknologi. I dokumentaren AlphaGo frå 2017 om DeepMind kjem det fram at kunstig intelligens no er på eit nivå med ein smart vaskemaskin, men eg trur likevel kommunane må ta initiativ og søke samarbeid med universitetsmiljø og andre utviklingsmiljø for utvikling av kunstig intelligens i kommunal sektor.

Spørsmålet er såleis om korleis framtida vil vere. Eit regjeringsoppnemnt utval leia av Kåre Hagen utarbeidde ein rapport om «Innovasjon i omsorg», der det mellom anna blir gitt eksempel på robotisering og kunstig intelligens innanfor omsorgssektoren. Dette gjaldt mellom anna robotar for kommunikasjon med pårørande, tekniske kjæledyr og robotassistentar til støvsuging og vask.

Det som er interessant i denne rapporten, er at det er utarbeidd tabellar som skisserer utvikling med eit framtidsperspektiv, der utvalet ser både fem, ti og 20 år fram i tid. Dette er interessant lesing no, sidan rapporten var levert 26. juni 2011. Utvalet har hatt eit realistisk tidsperspektiv og trefte bra på utviklingstempoet, men rapporten bør òg vere interessant lesing for dei som trur at vi kan forvente store steg innanfor dette området.

Då rapporten vart levert i 2011, var det fleire sjukeheimar som prøvde ut robotselen «Paro», som er ein sosial robot for demente. Men bruken vart kritisert som uetisk fordi dei eldre vart lurte til å tru at robotselen hadde kjensler. Det ser ut som om dette spørsmålet stoppa utviklinga av bruk av slike kjæledyr.

Eg håper at eg som framtidig bebuar på institusjon får tilsyn, pleie og aktivitetar av dyktige omsorgsarbeidarar, og at robotar kan gjere andre oppgåver som er nødvendig for å kunne drifte institusjonen.

Kunstig intelligens må brukast for å analysere registrerte data om meg og andre bebuarar, slik at omsorgsarbeidarane kan få informasjon om når eg brukar å bli uroleg og kan gi meg omsorg til rett tid. Dersom eg blir institusjonsbebuar, ønsker eg meg «Paro» når eg blir uroleg, dersom alternativet er roande medisinar.